Segna om krossen på Harnes

Image by congerdesign from Pixabay

Fleire hundre krossar stod langs kysten etter kristninga av landet. Ei segn fortel at ein av dei vart reist på Harnes tidleg i forrige tusenår.

Det var i tida før kapellet/middelalderkyrkja på Harbakken på Huse vart bygd at trekrossen skal ha vore ein religiøs samlingsstad (les heile segna under).

Dette kan ha vore så tidleg som på 1100- eller 1200-talet. Vi veit at det som vart omtala som Hareedt kircke stod der i 1589 og Haaardøen Capell stod til nedfalls i 1625.

Her ser vi at kapella på både Harøya, Ona og Sandøya er lista opp “Trondhjems reformats” frå 1589. 36 år seinare vart det konstatert at kapella på Harøya og Ona stod til nedfalls, medan Sandøya ikkje er nemnd. Riksantikvaren meiner at dette tyder på at kapellet på Sandøya ikkje lenger var i bruk.

Stor byggjeperiode

1100- og 1200-talet var den første store byggjeperioden for kyrkjer her i landet, og det er ikkje utenkjeleg at den første kyrkja eller kapellet på Harbakken vart reist då. Men vi har ingen dokumentasjon på at det faktisk var kyrkje eller kapell der allereie i mellomalderen.

På Veøya i Romsdal kan det ha vore kyrkje allereie i siste delen av 900-talet.

“Mange av middelalderkirkene er bygningsmessig beskrevet først ut på 1600-tallet. Sannsynligvis har mange av disse kirkene hatt en eller flere forløpere”, skriv Dag Bertelsen i boka Kirker i glemselens slør.

I ei epostutveksling utdjupar Bertelsen når det gjeld kyrkjebygg på Harøya.

– Jeg ser ikke bort fra at det har vært kirke(r) på Harøy på 1000-tallet, skriv han.

Det finst ein lysestake knytta til kapellet på Hardbakken, tidfesta til 1400-talet/tidleg 1500-tal. Men alderen på lysestaken er ikkje dokumentasjon på at kyrkja sto der då.

Kapellet på naboøya Fjørtofta kan ha vorte bygd i 1306, årstallet skal i alle fall ha stått på ein stokk då kapellet vart rive i 1877. Her veit vi heller ikkje om dette var første kyrkja på øya.

Dette kan tyde på at det allereie tidleg i mellomalderen var ei kyrkje eller eit kapell på Harøya.

Før kyrkjebygget

Trekrossen skal altså ha stått i området før det første kyrkjebygget kom, om vi skal tru segna.

Ifølgje segna, nedskriven av Peder Fylling i første halvdel av 1800-talet, vart krossen reist rundt eit par hundre meter (300 alen) nord for husa på Harnes. Det er truleg snakk om avstanden frå klyngetunet på Harnes, sjølv om det ikkje kan utelukkast at det er Myra som vert referert til som Harnes.

Folket skal ha samla seg rundt denne krossen for å be, sidan det ikkje fanst ei kyrkje.

Professor Gro Steinsland. Foto: Universitetet i Oslo

Dr. philos og professor i religionshistorie ved Universitet i Oslo, Gro Steinsland, meiner segna er interessant. Steinsland er rekna som den leiande forskaren i landet på norrøn religion og mellomalderen.

– Det er vel ikkje usannsynleg at det er ein rest av historisk tradisjon i forteljinga, meiner Steinsland.

Ho peikar på at det er kjent at krossar vart reist på stader langs leia eller kjende vegfar.

– Dei eldgamle steinkrossane langs kysten var vel både signal om kristning og fungerte som samlingsstad før det vart bygd kyrkjer, påpeikar Steinsland.

Ho viser til at namnet Høgkorset framleis vert brukt langs den gamle Kjølveien frå Hadeland til Toten.

– Tradisjonen fortel at reisande stoppa der for å fremseie bøner.

Segna fortel at også krossen på Harnes var ein stad der folk møttest for å be.

Ei heil rekkje tilsvarande krossar har stått langs kysten opp gjennom historia. Frans-Arne H. Stylegar, arkeolog og tidlegare fylkeskonservator i Vest-Agder, har laga ei oversikt over krossar langs kysten. Han har også brukt gamle segn i kartlegginga.

– Forteljinga høyrest tilforlateleg ut, og er ikkje eineståande i overlevert tradisjon. Liknande historier vert fortalt om fleire av krossane langs kystleia, påpeikar Stylager.

Faksimile frå «Folkesagn» av Peder Fylling.

Segna om krossen

Her er segna, som er henta frå “Folkesagn” av Peder Fylling (1818-1895). Han skal ha skrive ned forteljinga som ung, truleg i første halvdel av 1800-talet.

«Harnæs kaldes en Gaard paa Harøen i Akkerø Præstegjeld i Romsdal, og er muligt en af de ældste Gaarde på bemeldte Harøen, da man sikkert kan antage, at Øen er opkaldt efter denne Gaard. Omtrent 300 Alen (188 meter red.anm.)i Nord for bemeldte Gaards Huse er en af Naturen dannet kjendelig Forhøyning, som af Gaardens Beboere kaldes «Korshaugen», med det Sagn, at der paa bemeldte Haug i de katholske Tider stod et Trækors opreist, hvorved Øens Indvaanere til bestemte Tider samledes til Bønhold, før end nogen Kirke, der senere, i nogen Afstand herfra, blev opført.

Omtrent Midtveis millem bemeldte Gaard Harnæs og den på søndre Side af Øen beliggende Gaard Møklebost , (det store Bosted) som hører Søndmøre til, findes en av de sædvanlige høie Terasser, en høi Sandmæle, som af Almuen kaldes «Korsaremmen», med det Sagn, at når man i de gamle Dage, medens hint Kors stod paa Korshaugen paa Harnæs, søndenfra var kommen op paa Høiden af den «Remmen», kunde man se Korset borte på Korshaugen paa Harnæs; man maatte da ikke gaa videre, før en enhver Besøgende havde faldt paa Knæ og korset sig, som et fromt Andagtstegn i religiøst Henseende, og skal denne Remmen netop deraf have faaet Navnet «Korsremmen», som den endnu kaldes paa denne Dag.

– Som bekjendt, blev der senere opført et lidet Kapel paa bemeldte Gaard Harnæs til Bekvemmelighed for Øens Beboere; kun ser jeg, at der er al Sandsynlighed for, at det maa have været opført en rum Tid før Reformationens Indførelse, da man efter den Tid har de Resolutioner hvorifølge de fleste Kirker og Kapeller i vortLand er blevne opførte, medens den for Harnæs Kapels Vedkommende savnes. – Ogsaa dette Kapel blev nedlagt Aar 1812, da Sandøens Kirke ved denne Tid blev Sognekirke, ogsaa for Harøens Gaarde, paa Møklebust nær.»

Gamal gravplass?

Langsmed kysten frå Jæren til Møre finst det 60 steinkrossar. I tillegg er det dokumentert mange trekrossar.

Mange av krossane har stått på gamle, norrøne gravplassar, medan andre har stått på tidlege kristne gravplassar.

– Krossar kan nok i ein del tilfelle ha vort reist på forhistoriske gravplassar, men eg er usikker på kor vanleg det har vore. Det kan også tenkjast at topografien har styrt plasseringa av både gravhaugar og (seinare) krossar – dei skulle vere synlege, påpeikar Stylager.

Høgkrossar plasserte på gravhaugar kan ha erstatta den norrøne bautasteinen, ifølgje kunsthistorie.com. Ofte var det stormenn i området som sørga for at krossane vart reist.

Kor stod korset?

Den mest opplagde plasseringa av dette korset er knytt til kapellet som stod på Hardbakken på Huse fram til 1812. I samband med stadnamninnsamling vart det referert til at haugen ved det gamle kapellet vart kalla Kårsehau`n, altså omtrent det same som i segna.

Det vil i tilfelle seie at Fylling har rota både med retning og avstand. Kårsehau’n ligg rundt 400 meter sør for det gamle Harnes-tunet, ikkje 200 meter nord, slik Fylling skriv at folket på Harnes plasserte Korshaugen.

“før end nogen Kirke, der senere, i nogen Afstand herfra, blev opført”, skriv Fylling.

Det verkar som han var klar over kapellet, og at han karakteriserer det som at det mellom korset og kapellet har vore “nogen Avstand”. Så er spørsmålet kor stor avstand han la i ei slik formulering.

Dersom Fylling ikkje rota med geografien, ligg Remma/Haugen 200 meter nord for Harnes-tunet, og dette er òg ei naturleg høgde for eit slikt kors.

Og her veit vi at det har vore eit før-kristen gravområde, som slike krossar kan ha vorte plassert ved.

Brukte namnet

I første halvdel av 1800-talet, kanskje eit halvt tusenår etter at krossen vart reist, skal bebuarane på Harnes framleis ha kalt høgda korset stod på for Korshaugen.

Truleg har Fylling samla denne historia eit par tiår før Harnes-tunet hadde utskifting og vart oppløyst.

I utskiftingsprotokollen frå 1861 er ei rekkje namn på Harnes-garden lista opp, men ingen av dei refererer til Korshaugen eller noko liknande.

Er Korsbakken, som ligg ved Harøy kyrkje, same staden som Korsaremmen, der dei kunne sjå krossen på Harnes/Huse?

Krossen må i tilfelle ha hatt ein viss storleik – det er snakk om ei luftline på 1,2 kilometer bort til haugen ved det gamle kapellet og ytterlegare 600 meter til ein eventuell kross på Harnes.

Det er heller ikkje utenkeleg at det kan ha vore to krossar – ein på Huse og ein på Harnes. På Gåsøya finn vi Korshaugen, og på Småge finn vi Korsbøen.

Få steinkrossar

Professor Helge Sandøy har undersøkt steinkrossar i Møre og Romsdal med arkeologimiljøet, og svært få er registrerte i fylket. Trekrossar er det naturleg nok vanskelegare å finne spor etter på grunn av rotningsprosessar.

– Steinkrossar kunne bli plassert over graver, men dei kunne òg stå heilt andre stadar og ha andre funksjonar, som f.eks. markeringar av grenser. Dessutan kunne dei tene som navigasjonsmerke. Då ville dei nok mest naturleg stå på ein haug, og den funksjonen hadde dei kanskje opp til det moderne fyr- og merkevesenet utvikla seg. Då kunne nok trekrossar òg fungere. Dette siste trur eg ikkje arkeologane er like mykje interessert i, viser Sandøy til.

– Altså er det vanskeleg å legge mykje i ei segn om ein kross, og koplinga mellom kross og grav er ikkje så sterk, påpeiker Sandøy.

LES NESTE KAPITTEL: SLIK KAN GARDEN HA VORE FØR SVARTEDAUDEN