HISTORIA OM HARNES

UFERDIG: Då harøyingar marsjerte med svenskehæren gjennom Trøndelag

Fire unge menn frå Harøya vart brått plukka ut til å krige i Baltikum.

I slutten av august 1658 marsjerte Anders, Per, Hans og Ivar frå Harøya ut av Trondheim og opp Verdalen som ein del av den svenske hæren. Gjennom landbruksbygder og fjellområder – langt frå det nakne kystlandskapet heime.

Første etappe var ein månads marsj på 50 mil mot Hudiksvall ved Østersjøen, saman med andre unge menn frå Romsdal, Nordmøre og Trøndelag.

Her er første delen av den planlagte marsjen mot Baltikum.

Svenskane tok over

Nokre månader tidlegare hadde fredsavtalen i Roskilde ført til at Sverige tok over Trøndelag, Nordmøre og Romsdal (Trondheims len) frå Danmark-Noreg. Plutseleg var landet delt i to, og folket i området hadde fått ny konge.

LES OM BAKGRUNNEN: Krigane 1645-1660
  • 1644-45: Hannibalfeiden. Endte med at Sverige fekk Jämtland, Härjedalen, Gotland og Ösel frå Danmark/Noreg.
  • 1657-58: Krabbekrigen. Stormakta Sverige var i trøbbel i krigen dei kjempa mot Russland i Polen. Danmark/Noreg brukte situasjonen til å gå til krig mot Sverige. Norske tropper tok tilbake Jämtland og Härjedalen. Men i fredsforhandlingane i februar 1658 mista Noreg Jämtland/Härjedalen og måtte i tillegg gi frå seg Trøndelag og Romsdal.
  • 1658: Bjelkestriden: Danmark/Noreg gjekk til krig mot Sverige igjen på hausten og vann tilbake Romsdal/Trøndelag frå Sverige. Krigen heldt deretter fram i Østfold og var ikkje over før fredsforhandlingane i 1660.
Her ser vi område Danmark-Noreg måtte gi frå seg etter Roskilde-freden: Romsdal, Nordmøre, Trøndelag og Bohuslen.

Harøya vart som kjent også delt mellom dei to rika: Garden Myklebust vart verande under dansk-norsk styre som ein del av Sunnmøre, medan resten av øya hamna under svensk kontroll som ein del av Romsdal.

Dei fire som vart henta inn som soldatar var knytta til den nordlege, og dermed svenske, delen av øya.

Strategien frå svensk side var å integrere Romsdal, Nordmøre og Trøndelag raskt inn i riket. Eitt av desse tiltaka greip inn i nesten kvar ei bygd: 2.000 menn mellom 12 og 25 år vart plukka ut til den svenske hæren.

Det var mykje motstand mot denne rekrutteringa. Utskrivinga av soldatane skal ha skjedd med hjelp av ein kombinasjon av «løfter, trusler og makt» frå svenskane. I Trøndelag er det framleis historier om unge som gjøymde seg i holer for å sleppe unna.

Og det var ikkje for å forsvare Trøndelag og Romsdal dei vart rekrutterte: Anders, Per, Hans og Ivar skulle i staden brukast i svensk krigføring i Riga mot Det polsk-litauiske samveldet, som Sverige hadde gått til åtak mot tre år tidlegare.

Dette ga også ein annan effekt: Det ville vere få unge, potensielle soldatar igjen som kunne skape problem for svenskane i dei ny-erobra områda i Romsdal og Trøndelag.

Dette var neppe første gongen akkurat desse fire harøyingane var innrullerte.

Året før, i 1657, hadde soldatar frå Romsdal og Trøndelag vore med og erobra Jämtland og Härjedalen i Sverige på vegne av Danmark/Noreg.

Svenskane brukte den norske mannskapslista frå den krigen då dei plukka ut soldatar til svenskehæren – så desse fire hadde truleg vore i det angrepet, då på norsk side.

Truleg har det vore ein sesjon på Vestnes før ferda gjekk til Trondheim – i alle fall veit vi at det var svensk sesjon der seinare på året , 16. september.

I den svenske militære rullen frå 1658 ser vi dei fulle namna på dei frå Harøya som var i kompaniet i Trondheim 17. august:

* «Etternamna» her må vi kun sjå på som ein dokumentasjon på kva gard dei budde/arbeidde på då dei vart rekruttere. Folk flest hadde ikkje etternamn på denne tida. Det var til dømes ingen Jetmund på Huse som Anders Jetmundsson Huse kan ha vore sonen til, så han var som vi skal sjå under truleg frå ein annan gard. Etternamn vart først offisielt innført for alle i Noreg i 1920.

Kart frå 1650. Harøya nederst til venstre – kalla Haara. Den raude ringen markerar kapellet på Huse.

Dei fire kom inn i kompaniet til kaptein Thomas Hamilton saman med mange andre romsdalingar. Hamilton var frå Skottland og gjorde militær karriere i Sverige.

23. og 24. august 1658 tok romsdalske kompaniet til å marsjere frå Trondheim i retning Sverige. Ferda gjekk først nordover, før dei gjekk over fjella etter Sul. Då skal dei allereie fått klede til marsjen ifølgje eit brev frå den svenske guvenøren i Trondheim, Lorentz Creutz, til svenskekongen.

Under utmarsjen frå Trondheim kan dei fire harøyingane altså allereie vore kledde i svenske uniformer.

Samstundes oppfordra øverstkommanderande for dei norske styrkene, Jørgen Bjelke, bøndene i Trøndelag til å hjelpe dei rekrutterte soldatane med å rømme.

Mange deserterte

Då kompaniet hadde kome fram til Hudiksvall i Sverige 23. september, viste det seg at av dei 21 som var rekruttert frå ytre Romsdal, var det berre 9 att. 

Og harøyingane? Bak namnet deira i listene står det ein «R». Ei forkorting for det svenske ordet «rymd».

Truleg skjedde flukta i fjellområdene på veg til Sverige. Risikoen var stor, eit lite feilgrep kunne i verste fall ha kosta dei fire livet.

I staben var nemleg Mårten Keijser, med tittelen regiementsgevaldiger. Oppgåva han hadde var å oppretthalde disiplinen blant soldatane, og dermed var han ansvarleg for fysisk avstraffing. Keijser var truleg òg regimentet sin skarprettar – han kunne avrette desertørar. Dei som vart tatt etter å ha rømt, ser ut til å ha endt i tvangsarbeid for svenskekongen. Berre 3 av dei 89 romsdalingane som rømte vart tatt, viser dei militære rullane.

Og trass i risikoen var det nok eit klokt val å rømme: Av dei 1.000 soldatane som kom fram til Riga, skal under 100 ha kome heim.

Flukta frå den svenske hæren treng ikkje å ha handla om at dei ikkje ville tene svenskane. Også mot den dansk-norske hæren hadde det vore flukt og opprør blant soldatane frå Romsdal åra før.

Slo tilbake mot svenskane

På same tid var situasjonen i ferd med å endre seg i Romsdal/Trøndelag. Allereie 3. oktober omringa norske styrker Trondheim. Mellom desse var soldatar som hadde flykta frå dei svenske styrkene.

Det er dokumentert at dei norske styrkene som omringa Trondheim, stadig fekk inn soldatar som hadde rømt frå den svenske hæren.

Vi ser at Anders Jetmundson står i listene for dei norske styrkene også etter krigen. I ei rulle frå 28. mars 1660 og seinare finn vi han att, så det er ikkje urimeleg å tenkje seg at han og dei tre andre var mellom dei som meldte seg til teneste for å få ut svenskane.

Anders Røsok står nederst i denne lista. Øvst ser vi Olle Sandøy frå Sandøya, saman med andre frå ytre Romsdal. Bilete av orginal rull som er lagra hjå Riksarkivet i Oslo. Foto: Nils H. Harnes

Mange norske soldatar døydde av sjukdom under kampen for å vinne tilbake Trondheim, og ein del soldatar rømte også frå desse kampane.

Etter to månader hadde dei 700-800 svenske soldatane i Trondheim fått nok. De overga seg til nordmennene.

«Med 24 kanner spansk vin til støtte foregikk forhandlingene. Det endte med at svenskene fritt marsjerte ut av byen», ifølge boka Krigsmakt og kongemakt 900-1814.

Sju svenske månader

Med det var også Harøya sin korte periode som svensk på 1600-talet i praksis over: Frå svenskane overtok Romsdal/Trøndelag 10. mai 1658 til dei kapitulerte i Trondheim 11. desember same året – altså i sju månader.

Og allereie tidlegare på hausten, 16. september, hadde kaptein Eilert Visborg dukka opp med eit kompani soldatar frå det Bergenhusiske kompani på Vestnes på veg for å frigje Trondheim. Så den reelle perioden svenskane hadde kontroll i Romsdal var kort.

Krigen fortsette rett nok ved Halden og fredsavtalen mellom Sverige og Danmark/Noreg kom først på plass i 1660. Men det var i praksis dansk/norsk styre over Harøya igjen frå desember 1658.

Ein av dei som sto i spissen for dei norske styrkene som vann tilbake Trøndelag/Romsdal, var oberstløyntnant Reinhold von Hoven. Han vart seinare eigar av ei heil rekkje gardar i Romsdal, mellom dei Harnes, Harneshaugen og Røsok. Eigedomane kjøpte han rundt 1660 av den nederlandske familien Marselis.

Innleiinga til skjøytet som viser at von Hoven vart gardeigar på Harøya.

Men kva skjedde vidare med dei fire soldatane frå Harøya?

Anders Jetumdson finn vi også i ein militær rulle frå 1661 – då som ein del av den norske hæren. Der hadde han selskap med to andre frå øya: Mogens Rasmuseen Harnes og Anders Laurseen Harnes (transkribert av Robert Haugen).

I ei rulle frå 1665 er Anders borte og han står heller ikkje i ei rulla frå 1670.

Vi finn ikkje att Anders Jetmundson som gardbrukar på øya seinare, så det er uklart kor han tok vegen vidare. Truleg var han sonen til gardbrukar Jetmund Jetmundson på Røsok, sidan han i den militære rullen frå 1661 er ført opp som Anders Jetmundson Røsok.

Hans Hansson kan vere den same Hans som vi finn som brukar på Harnes i Jordebok for Romsdal frå 1661, men det er langt frå sikkert. Vi ser ikkje Hans att på øya seinare. Kva skjebne han fekk i krigen er altså ukjend.

Iver Olsen og Per Pederson har eg ikkje funne att etter krigen.

Det kan godt tenkast at ein eller fleire av desse døydde i samband med at Trondhein vart erobra tilbake – anten av sjukdomar som florerte mellom soldatane eller i krigshandlingar.

Og hærførar Thomas Hamilton? Han vart seinare mellom anna kommandant på Malmø slott og utnemnd til oberst. Han gifta seg med ei Barbara Borthwick og døydde i 1678.

Malmø slott. Foto: David Castor

Hundre år tidlegare

1658 var ikkje første gongen Harøya var ein del av Sverige, og dei fire soldatane frå Harøya hadde heilt sikkert høyrt historia om den svenske okkupasjonen rundt oldeforeldra si tid.

I februar 1564 rykka 4.000 svenske soldatar inn i Trøndelag, Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre. Innbyggjarane i Romsdal støtta svenskekongen som som ny konge. Noko av bakgrunnen var nok misnøye med dansk skattelegging.

Men Harøya, og denne gongen inkludert garden Myklebust, sin periode som svensk i 1564 vart kortvarig. I Bergenshus len tvang danskane, til dels med bruk av avrettingar, lite villige ungdomar til å stille til krig mot svenskane. Allereie i mai 1564 vart Trondhjems len erobra tilbake.

Same året ville danskekongen straffe mellom andre bønder i Trondhjems len som hadde støtta svenskekongen. Straffetiltaka vart aldri gjennomført.

Til Åmund Harnes.

TIDSLINE:

Exit mobile version