1544-1599
Dokumentet har overlevd i fem hundreår og er ein lite kjend historisk skatt frå Harnes.
Ein seinsommardag for nesten 500 år sidan sat Torkiel Knutson i ei stove nede på Harnes.
Kanskje dikterte han kontrakta for ein annan – om han ikkje kunne skrive sjølv. Eller kanskje var det den danske kjøparen som skreiv utkastet.
Torkiel på Harnes fekk i alle fall sett opp erklæringa om at han hadde selt “1,5 mællags leie” i garden Huse til Truid Ulfstand og hadde motteke betalinga. Melelag var eit kornmål, i Landslova sett til 16,2 liter korn. Dette var heile garden, ifølgje oversikt i artikkelen Giske gård og gods, av historikar Andreas Holmsen. Truleg har Huse vore øydegard etter svartedauden eller dei andre pestane og eigd av Torkiel på Harnes.
Som vitner hadde Torkiel med Elling (?) Jonson og Knut Ionsson (Jonson?), som sette segla sine på dokumentet. I dag er alle segla borte.
Her er det som står i dokumentet frå 1544, på klingande dansk:
“Thet bekiendis ieg Torkiel Knudson med tette myt offne breff att solt [haffue1 Erlig oc vel byrdig mand Her Trudtt Vlstandt melelax leghe vdhi Huse liggiendis paa [Har]øn synnest i Rumsdall som med rette tell hørde so . . .ffra meg oc mine eruinge oc vnder fforde Her Trudtt och hans arffuinge tel euerdeligh egn oc odall ffritt ffrelst oc oklageløst ffor huerie manne oc kennis [ieg] aff haffue opboret sidste pening oc fføsthe som i kiøp kom saa meg vel adt neyies oc tacket ha[nom] ffor god betalning att saa er j sandhet beder ieg [Elling?] Jonsson oc Knut Ionsson att the hengge teris insegl m[ed] myt inselg nedhen ffor tette offne breff som er skreffuit paa Harnes vorffrv affthen dyre Anno domini Mdxliiij”
Bak på brevet, skrive seinare, står det: Jttem breff paa i/-j/ meliis leye ligendis y Husse y Romsdall:
Kven var Thorkiel?
Det står ikkje noko i dokumentet om kven Thorkiel var eller kvifor han eigde Huse-garden.
Lensrekneskapet frå 1548-1549 for Steinviksholm len (Trondhjems len) dreg eit interessant namn fram i lyset.
Der står det at Torckell på Harnes betalte 7 ½ øres gardsskyld med eit slaktenaut og 6 alner vadmål i 1549. Dette kan altså vere den same mannen som fem år tidlegare selde ein del han eigde Huse-garden. Namnet stemmer i alle fall godt.
Det forklarar i tilfelle kvifor dokumentet vart skrive på Harnes og ikkje på Huse der eigedomen låg. Dokumentet kan ha vorte skrive heime i huset til Torkiel.
25 år tidlegare finn vi også namnet Torkel i skattelistene for Brunvoll, han betalte 12 lodd fisk i skatt i 1520. Om det er same mannen som seinare dukkar opp på Harnes, er umogeleg å seie.
Nabo Bord på Harnes betalte i 1520 6 lodd sølv i skatt og i tillegg 6 lodd skatt for jordegods.
Jordegodset på Harnes
Jordegodset til Bord er interessant, det kan ha vore den same eigedomen som Torkiel selde 24 år seinare. Det er likevel klart at Torkiel ikkje kan ha vore son til Bord – då hadde han ikkje heitt Torkiel Knutson. Han var son til ein Knut.
Anten har det vore eit skifte i brukar-/eigarfamilie på Harnes, elles så må Torkiel ha vore eit barnebarn. Eller han kan ha vore sonen til Byrgite og mannen – som i tilfelle må ha heitt Knut.
Dansk adelsmann
Kjøparen av eigedomen, Truid Ulfstand, var aktiv desse dagane. Dagen etter handelen på Harnes kjøpte han nemleg “en Öres Leie i Fiksdal i Vestnes Otting i Romsdalen”. Den handlen vart gjennomført på Giske.
Truid Gregersen Ulfstand (1487-16.11.1545) var dansk og adelsmann. Han fekk for alvor posisjon i Danmark då Fredrik 1 kom til makta i 1523. Han vart ein del av Riksrådet, og slegen til riddar i 1524.
Tidleg på 1530-talet vart han sendt til Noreg saman med Claus Bille. Målet var å sikre støtte til kong Fredrik 1 av Danmark. Dei to utsendingane heldt ting i Oslo, og fekk stormennene til å godta kongen.
Dette var kort tid etter samanbrotet i Kalmar-unionen (1523) mellom Noreg, Sverige og Danmark (og Færøyane, Island, Grønland, Orkenøyene og Shetland).
I 1534 gifta han seg med Gørvel Fadersdatter, som verkeleg tilhøyrte det øverste aristokratiet i Skandinavia og sentral i norsk historie. Ho arva via den norske adelsmannen Knut Alvsson eigedomar etter fleire norske høvdingeslekter. Mellom dei mange godsa ho arva, var Giske-godset. Då Ulfstand kjøpte Huse av Torkiel på Harnes, så kom Huse under Giske-godset.
Han fekk ein kort periode som eigar på Huse: Han døydde vel eitt år etter kjøpet, i 1545.
Om Truid Ulfstand sjølv var på Harnes for å kjøpe eigedomen på Huse veit vi ikkje, men han kan ha hatt utsikt til Harnes nokre år tidlegare. I 1537 leia nemleg han og Christoffer Huitfeldt ei flåte på 14 skip med 1.500 mann som reiste til Trondheim.
“Ulfstand var i det store og hele en dyktig og lojal kongstjener, som i sine oppdrag i Norge ikke gikk ut over den myndighet som oppdragene førte med seg, i motsetning til hvordan flere av hans standsfeller opptrådte i lignende situasjoner.”, står det i Norsk biografisk leksikon
Klimaet vart hardare
Også på 1540-talet var det uår, men om det var årsaken til at Torckell selde den delen han hadde i Huse veit vi ikkje.
I furukronologien frå Trøndelag ser vi at vekstvilkåra går bratt nedover frå rundt nettopp 1544, og det kan godt ha gitt dårlege avlingar også på Harnes.
For gardbrukarane på Harnes vart nok tiåra som kom endå verre. Klimahistorikar meiner at snittemperaturen i Norden i perioden 1560-1600 var 1,5 grader lågare enn perioden 1880-1930.
Forskaren Timo Myllyntaus skriv at kuldeperioden som skulle prege 1600-talet og 1700-talet nådde eit klimaks i desse siste tiåra av 1500-talet. Dette viser seg også i studiene av furukronologi frå Trøndelag.
Medan Bord og Byrgitte nokre tiår tidlegare truleg hadde meir levlege forhald, må Torckell og dei som kom etter i siste halvdel av 1500-talet ha hatt det tøft.
Kjelder frå Danmark viser at intensiteten i stormar og flodbølger auka frå 1570-talet, den danske byen Ribe vart ramma av storm 43 gongar i perioden 1570-1661.
“Hvis vi ser på det dendrokronologiske materialet fra Trøndelag, virker det som om tilveksten i det store og hele er dårlig i hele perioden 1550-1660. Likevel er det noen enkeltår og perioder som peker seg ut med ekstra lave verdier. Det gjelder 1562, 1590-96, 1601, 1621-27, 1633, 1641 og 1645.” Frå “Klima, uår og kriser i Norge”, skriv Audun Dybdahl.
Kjelde: «Mens bønderne seilte og jægterne for. Nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500-1730»
Vi ser i grafikken over at produksjonen av korn på kyste auka fram mot 1700-talet. Feilkjelder rundt tiendemantallet i 1520 kan dessutan bety at produksjonen på 1500-talet var 25 prosent lågare enn grafikken viser. I det store ser kornproduksjonen ut til å ha halde tritt med auken i befolkninga på Romsdalskysten.
Betra seg ikkje
Men totalen av februk og korn ser ikkje ut til å ha betra seg, meiner historikar Arnved Nedkvitne. Han trur at det er lite sannsynleg at jordbruksproduksjonen auka per bonde i perioden 1520-1723, fordi rundt 1520 var ressurssituasjonen betre og teknologien om lag den same som 200 år seinare.
Det krevde mindre arbeid å produsere dei same matvarene i 1520 enn i 1723.
“Muligheten for å skaffe kjøpekorn var bedre på 1500-tallet. Fiskerbøndene nord for Stad fikk høyere pris for tørrfisken, trelasteksporten fra indre Sunnhordand, Møre og Romsdal var større på 1500-tallet og begynnelsen av 1600-tallet.” skriv Arnved Nedkvitne i “Mens bønderne seilte og jægterne for. Nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500-1730”.
Generelt produserte bygdene i indre Romsdal meir korn enn i ytre Romsdal.
Dette skuldast truleg at bøndene i innlandet la meir flid i åkerarbeidet, medan fiskarbonden ute ved kysten heller brukte tida til å fiske.
I perioden frå 1550 til 1750 vart det eit kjøleg klima i Skandinavia, som vert kalla den vesle istida. Det vart større svingningar frå år til år, meir stormar og kaldare. Dette må sjølvsagt ha gjort livsvilkåra vanskelegare også på Harnes.
Er av Synnes-slekta
Vi veit ikkje eksakt kva år Hogne Johannesson vart brukar på Harnes. Eit dokument knytt til den såkalla Synnes-slektstavla, som viser etterkomarane etter Jon Bårdson Synnes, syner at Hogne kan ha vore gardbrukar på Harnes allereie rundt 1569. Han krevde i alle fall landskyld for jord dei to brørne hans, Torstein og Povel, hadde selt til futen Hans Lauritzen i 1569.
Faren til Hogne, Johannes, er ført opp som brukar på Huse. Kanskje kom han inn etter at ein del av Huse, slik vi såg tidlegare, vart selt til Turid Ulfstand i 1544. Tavla viser også at syskjenbarnet til Hogne, Knut, var brukar på Røsok.
1590-åra var verst
Det skulle snart vise seg at det verste tiåret kom til slutt. Årringane frå Trøndelag viser at spesielt åra 1590-1596 ga dårleg vekst. Ein slik lang periode med fleire dårlege år på rad, har truleg vore vanskeleg å takle.
“Kom det uår flere år på rad, kunne det føre til overdødelighet både på grunn av sviktende ernæring og ved utbrudd av alvorlige endemediske og epidemiske sykdommer som gjerne fulgte i hungernødens kjølvann.”, skriv Audun Dybdahl i“Klima, uår og kriser i Norge”.
Eit brev frå bøndene i Romsdal frå 1591 skildrar situasjonen og viser at folk måtte blande bark i brødet for å overleve:
«nødes de til af stor Nød, Trang og Hunger at æde Barkebrød», står det i brevet Norske rigs-registranter tildeels i uddrag: 1523[-1160], Volume 3
Dei brukte altså bark frå tre for å bruke mindre korn og med det døyve svolten på ein rimelegare måte. Næring ga det lite av, og sjølv i vanlege år kan nok mange ha gått svoltne til sengs på denne tida.
Kanskje måtte bøndene på Harnes kjøpe meir korn for å kompensere for dårlege avlingar. Og det i ei tid då kornprisane gjekk opp.
Kornavlingane i England var nemleg dårlege i perioden 1591 til 1597. Mangla dei noko å kjøpe korn for, kunne svolten kome fort.
Haugen skild ut som eigen gard
I 1597 sette fogden Bernt Schrøder opp skattelistene for Sund otting. Her får vi ei oversikt over det som truleg var alle brukarane på Harnes for første gong sidan tiandemanntalet i 1521.
“De som ere bo.idendis ved søesiden, och giffe {beløp] [pengeeining].”, står det i overskrifta øverst på sida.
Som 76 år tidlegare var det to brukarar på garden.
- Hougne Harnes
- Oluff Harnes
Men noko nytt har skjedd med garden, for under Harnes og over Sandøen står det:
- Joen paa Hage
Dette er første gongen vi møter garden Haugen i skriftlege kjelder, garden som seinare også er kjent som Harneshaugen.
Truleg har Haugen vorte skild ut som eigen gard ein gong mellom 1550 og 1597. Resten av historia om garden Haugen kjem i eit eige kapittel seinare.
.I alle fall halve garden på Harnes var busett av leiglendingar under kongen. Det trengte ikkje å føre til at dei hadde trongare kår enn sjølveigarane.
“Leiglendingsdistriktene produserte større verdier enn selveierdistriktene. Etter at leieavgiftene var betalt, hadde toppsjiktet av bønder i leiglendingsbygder betydelig mer å rutte med enn de fleste bønder i selveierbygder”, påpeker professor Øystein Rian i Norges historie.