HISTORIA OM HARNES

Ei kvinne styrte på Harnes for eit halvt tusenår sidan

1500-1550

Forest Tryst, av Edmund Blair Leighton.

Dei første namna på menneske på Harnes finn vi i 1520. Ein av gardbrukarane var ei kvinne.

Kong Christian 2 av Danmark (konge for Danmark-Noreg 1513-1523) trong stadig pengar til krigane mot svenskane og skreiv difor ut ekstraskattar. I 1520 krevde han inn ein skatt der gardbrukarane måtte betale 10 prosent av formua til kongen. Dette skapte opprør, mellom anna på søre Sunnmøre, der 73,9 prosent av skatteytarane vart bøtelagde for ikkje å ha betalt skatten (side 17).

I oversikta over skattebetalarar i 1520 finn vi brukarane/eigarane på Harnes.

Tiendeskatten betalte dei av fast eigedom og gjenstandar som til dømes gryter og kjeler. Langs kysten var båtar også ein del av formua.

Bord står i første lina, medan vi ser Byrgitte i fjerde lina.

Skatten viser at Harnes var delt i to, og dei betalte begge seks lodd sølv. Det var ti prosent av verdien av kvar av bruka.

Delinga av garden

Korleis Harnes var delt inn i 1520, er kanskje ikkje mogeleg å seie sikkert. Ser vi 125 år fram i tid, sat ein brukar på halvparten av garden i 1647 – Lasse Alfsen. Det var truleg den delen som seinare vart Gjerdet, Masstaua og  Nystaua.

Den andre halvparten var delt mellom to brukarar – den eine veit vi var Knud som sat på Myra-bruket. Kanskje var desse to bruka eitt i 1520.

Då kan vi ha hatt ein halvpart med utgangspunkt i det gamle Harnes-tunet (Gjerdet, Masstaua og Nystaua), og ein halvpart med utgangspunkt i Myra. Eller det kan vere at Myra ikkje var rydda på det tidspunktet, og at dei to brukarane budde saman i det gamle Harnes-tunet.

Dei to første tiåra på 1500-talet var busetnaden på eit lågt nivå her i landet, kanskje heilt nede på 150.000 innbyggjarar. 140 år seinare hadde talet auka til rundt 440.000, ifølgje Norges landbrukshistorie 2 (side 122). Denne utviklinga skal vi sjå skjer òg på Harnes, med auke i talet på brukarar og oppdeling av garden i fleire bruk.

Harnes-tunet først

I seinare martiklar startar oversikta over gardane på Røsok, og deretter Morsund, Brunvoll og Harnes. På Harnes vart brukarane i det gamle Harnes-tunet oftast ført opp før brukarane på Myra.

Altså ei naturleg rekkefølge geografisk utfrå kor gardane og bruka låg – dei vart ført i retning nordover.

Om dette også var tilfelle i 1520 (rekkefølga på gardane på Harøya er i alle fall ført opp likt seinare), kan vi kanskje lokalisere dei to brukarane på Harnes i 1520 nærare:

Bård (Bord) kan ha hatt kontroll over den halvparten som var knytta til det gamle Harnes-tunet.

Birgitte (Byrgitte) og sønene kan ha budd på Myra.

Det finst ingen sikker dokumentasjon på ei slik inndeling i 1520. Vi veit heller ikkje om Myra var etablert som eit eige bruk på dette tidspunktet.

Helgen vart populært kvinnenamn

I skattelistene frå 1520 finn vi namnet Birgitte både på Harnes, Rogne, Longva og Bud. Det var ikkje tilfeldig at Byrgitte på Harnes hadde fleire namnesøstre rundt seg.

7. oktober var Britemesse i den katolske kyrkja, til minne om den heilage Birgitta frå Vadstena i Sverige, som fekk helgenstatus på den dagen i 1391.

Altså berre rundt hundre år før Byrgitte på Harnes truleg vart fødd.

Heilage Birgitta, ein trefigur frå Torsby kyrkje i Bohuslän. Frå rundt år 1500. Foto: Nils H. Harnes

Utover i mellomalderen vart det stadig meir vanleg å kalle barna opp etter helgenar som var høgt rangert av kyrkja. Dette avslørar at impulsane frå utlandet også kom til Harnes.

“Navneskikken viser i bunn og grunn at Norge i økende grad ble integrert i en felleseuropeisk kultur, der helgenvenerasjonen (Venerasjon=respekt) var en viktig religiøs og kulturell faktor.”, skriv Audun Dybdahl i boka Tiendeskatten som kilde til folk og samfunn.

Dybdahl meiner at foreldra kan ha tenkt at eit helgennamn ville gange barnet, men også at prestane kan ha kome med råd i samband med dåpen. Og som alltid: Mellomalderen hadde også namnmotar, sjølv om dei ikkje skifta like raskt som i dag.

Bård var ein formuande mann

Samanliknar vi med snittet av kva folk skatta i Romsdal og i andre områder, ser vi at Bård på Harnes hadde ei stor formue.

– Bård på Harnes var formuande. Han betalte 6 lodd sølv for lausøyre og pengar, og 6 lodd sølv jordegods, påpeikar professor Audun Dybdahl.

Han viser til at vi ikkje veit kor jordegodset, som Bård sat på, låg. Men vi ser seinare at jordegods folk på Harøya eigde, ofte var i andre gardar på øya.

Seinare skal vi sjå at jorda Bård eigde, kan vere den same jorda som vart selt på Harnes eit par tiår seinare, i 1544.

“Kring 1520 står vi ved ei oppgangstid. På landsbasis syner det seg at kyststroka nå står mye sterkare enn innlandet jamført med tilhøva før svartedauden. Det kan tyde på at pesten hadde fare mildare fram der, men det kan óg syne at oppgangstida var begynt tidlegare langs kysten.”, skriv Helge Sandøy i Utviklinga i busetnad og næringsliv i Ytre Romsdal (Vågøy åtting) på 1500- og 1600-talet.

Frakt fisk til Bergen

Tidleg på 1500-talet var prisen på fisk seks gongar høgare enn for tilsvarande mengde korn med same næringsinnhald. Prisane på fisk fall etter kvart. Rundt år 1600 måtte ein betale dobbelt så mykje i fisk for å kjøpe korn, samanlikna med 1530.

Vi veit at bøndene frakta fisken sin til Bergen for sal med jekter. Ei jekt kunne frakte fisk for 30-40 fiskarbønder, og fisken vart seld til mellom anna Hanseatane i Bergen. Vi veit at ein “Olluff po Harøe” betalte skipsskatt i Bergen i 1563. Harøe kan også referere til Harøy på Bud, men det var ein Oluff på Røsok i 1549. Kanskje var dette mannen som frakta fisk til Bergen for bøndene på Harøya på midten av 1500-talet.

Kva med Haugen?

Haugen er ikkje nemnd saman med Harnes og dei andre gardane på Harøya i skattelista frå 1520. Likevel peikar professor Audun Dybdahl i boka Tiendeskatten som kilde på ein person som han meiner kan ha vore brukar på Haugen på denne tida. Om dette stemmer, er han plassert feil i skattelista, ettersom vi finn namnet som siste oppføring under Ona.

Mannen heiter Anders Hegh.

“Hvis preposisjonen er avglemt, er vel dette (Haugen red. anm.) den mest sannsynlige identifiseringen”, meiner Dybdahl.

Ei sikker registrering av at Haugen var ein eigen gard allereie i 1520, er det ikkje.

Uår med barkebrød

Bård og Birgitte hadde truleg betre forhold for dyrking av korn på Harnes enn dei som kom både før og etter dei. Likevel opplevde dei sikkert også uår.

18. mai 1521 skreiv Jørgen Hansen på Kongsgarden i Bergen til kong Kristian 18 om at det var uår i Nordlandene, og at mange hadde drukna i vinterstormane. Folk åt bark for å overleve, og mange bukka under.

Perioden 1527 til 1532 var prega av høge kornprisar i Bergen, medan1527 til 1529 var i England prega av kalde somrar og dårlege avlingar. Om situasjonen var lik på Nordvestlandet, så fekk dei dobbelt opp: Eigne avlingar svikta, og prisane for å kjøpe naudsynt korn var høge.

Likevel blir denne tida rekna som langt betre enn det som skulle kome i siste halvdel av 1500-talet.

Erkebiskop Olav Engelbrektssons jordebok frå ca 1533.

Reformasjonen ga eigarskift

Det gjekk nok ei god stund frå Martin Luther banka opp tesene sine på kyrkjedøra i Wittenberg i 1517, til Birgitte og dei andre på Harnes høyrde om hendinga. Men 20 år seinare var reformasjonen over folket på Harnes.

30. oktober 1536 sendte kong Kristian 1 ut ei forordning som fastslo trusskiftet. Og i 1537 måtte erkebiskopen Olav Engelbrektsson innsjå at slaget var tapt. Fleire hundre år med katolisisme var over.

For folket på Harnes handla det ikkje berre om eit pålagt trusskifte – truleg skifte også halve garden eigar.

Vi såg tidlegare at kyrkja kom inn som eigar av halve garden ein gong mellom 1432 og 1450. I Olav Engelbrektssons jordebok frå 1533 (sjå over) ser vi at kyrkja framleis var eigar på Harnes. Truleg eigde ho framleis halve garden, sidan leiga til kyrkja var den same i Aslak Bolts jordebok som i Olav Engelbrektssons jordebok hundre år seinare – 1 1/2 kyrlag.

Med reformasjonen tok kongen over all eigedom som tidlegare låg under erkebiskopen. Med det vart halve Harnes krongods. Seinare, på midten av 1600-talet eigde kongen all jord på Harnes, men på midten av 1620-talet var i alle fall delar av garden eigd av lokale bønder.

Fru Inger til Austrått

Sjølv om den katolske kyrkja forsvann, hang delar av systemet igjen, mellom anna eigedomsstrukturen.  Fleire av klostera vart etter reformasjonen vidareført som eigne godssamlingar og vart len.

Til skildnad frå dei vanlege lena som landet vart delt inn i, så var ikkje klosterlena eit geografisk samla område, men inneheldt gardspartar i ulike områder. Korleis forhalde var mellom klosterlena og dei vanlege lena, er noko uklart.

Agnes Mowinckel som Fru Inger i ein oppsetnad frå 1921 av Ibsen
sitt skodespel Fru Inger til Østeraad. FOTO: Anders Beer Wilse 

Fru Inger til Austrått, eller Inger Ottesdotter som ho eigentleg heitte, vart gjort udødeleg i eit skodespel av Henrik Ibsen. Men det er ikkje berre i verdslitteraturen vi møter ho.

Kvinna som er kalla “den sidste Repræsentant for Norges gamle Høiadel”, hadde også makt på Harnes. Det viser Jordebog over Reins Klosters Gods, frå ca 1550.

Ingerd Ottesdotter, som vart utnemnd som forstandar for Reins kloster før reformasjonen, styrte klostret som forlening. Ho hadde ei rekkje len frå krona, alle nordafjells, inkludert krona si leding av Romsdal. Det var mange rettsaker om retten til desse eigedomane før og etter reformasjonen.

Her står det i 1550: Hernes :g: xvj marc sz(mør), altså 16 mark smør. Under står Huse: Husze :g: /-j/ pd szmør. Her er Harnes oppført med 16 mark smør, det vil seie 1/2 romsdalsøre eller 2/3 øre forngild. Det svarar til 2/9 spann. Leidangen utgjorde med andre ord 2/27 av landskylda, altså under 7.5 prosent i skatt.

I 1555 drukna Ingerd Ottesdatter på fjorden i Syvde på Sunnmøre. Etter dette skal klosterlenet, inkludert Harnes, ha vorte ein del av dei ordinære lena.

LES NESTE KAPITTEL: SKATTETOPPEN ANNO 1520

Exit mobile version