Namna Harnes og Harøy har eit felles første ledd, det eldgamle ordet Har.
Kanskje var det fangstfolk som først ga namnet til øya, ein av dei som flytta rundt frå jaktområde til jaktområde for å brødfø familien med fangst, fiske og sanking.
Dei kan ha kalla øya “Har”.
Det meiner Helge Sandøy, som er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.
– Harøya og Harnes, som går tilbake på eit eldgammalt ord, ”har” for steingrunn, må vere av dei eldste namna på øya. Dei føreset heller ikkje nokon fast busetnad, forklarar Sandøy.
Professoren er frå Bud og har skrive mykje om stadnamn i Romsdal, men ikkje spesielt om Harøya.
– Øya hadde nok namn før det var vanleg med fast busetnad. Fangstfolk som farta langs kysten, og skulle ut mot havet for å fiske, hadde bruk for øynamn, påpeiker Sandøy.
Jordbruket og fast busetnad kan ha kome så tidleg som ca. 2.400 år f. Kr. på Romsdalskysten.
-nes og -øy lagt til
Sandøy understrekar at namna ikkje trong å ha etterleddet -nes og -øy i tida før fast busetnad vart vanleg.
– Namna kunne ofte berre vere hovudleddet, altså Har eller noko liknande. Som øynamn var det nok eit hokjønnsord. Det er vanleg at slike namn seinare får lagt til eit forklarande tillegg; det gjeld endå oftare med fjordar, jamfør at Frænin vart til Frænfjorden. Men dette er ei gjetting, understrekar han.
Slik kan namnet på øya etterkvart vorte til Harøy, og den nordlege delen til Harnes.
I klassikaren Norske Gaardsnavne vert “Har” i gardsnamnet Harnes knytt til svensk dialekt: «Magnus Olsen antager, at Stammen oprinnelig har havt kort Vokal og kan hænge sammen med svensk Dialekt har n., “stengrund, klippgrund af uppståande stenar” (Rietz, som deraf afleder flere Stedsnavne som Harbo og Harnäs).«
I den Svenske Akademiens ordbok finn vi ordet Har. Her ser vi at det er knytt til kyst og fiskeri: litet skär l. större sten i vattenbrynet; klippgrund, stenigt l. grusigt grund; grusbank.
Døme: «Då fiskarne (under lektiden) .. samla sig hopetals på grund, harnar, eller stenören». Og eit døme til: «I sjön Ånimmen .. äro några rös eller har, som kallas jättekast».
Dei eldste busetnadsnamna
Av busetnadsnamna på Harøya trur Sandøy at Huse og Myklebost må vere eldst.
– Det siste, som er eit namn med opphavleg etterledd –bólstadir, reknar ein til perioden 400-1000 e.Kr, opplyser Sandøy.
Huse er òg eit namn som peikar i retning av å vere av den tidlegaste busetnaden, nettopp fordi det inneheld ordet hus.
– Det står i ubestemt form og er usamansett. Begge delar er aldersteikn, påpeiker professoren.
Gardsnamn av nyare dato
Brunvoll og Røsok er samansette namn, noko som ofte tyder på at dei er av nyare dato.
– Sidan dei er i ubestemt form, tilseier det at dei ikkje høyrer til nyryddingsnamna etter 1600. Me ser òg at dei førekjem i kjeldene for første gong på 1500-talet, men dei kan vere eldre. Kanskje frå jordbruksekspansjonstida fram til 1300, seier Sandøy.
Men han innrømmer at mykje vert usikkert så langt tilbake i tid.
– Etterledda -voll og –åker kan ikkje brukast til klår tidfesting. Brunvoll er vollen som ligg ved ein kant (= ei brun) i landskapet, og Røsok er ein rydda åker, nemleg Rudsåker, som har vorte til Røsok, forklarar Sandøy.