HISTORIA OM HARNES

Fann skalle og spenne i ei grav

År 100-500

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Grava, funnen på tampen av 1800-talet, er truleg frå dei første hundreåra av romersk jarnalder. Skallen kan vere yngre.

Det var søndag 15. august 1897. Ein av eigarane på Haugen på Harnes gjekk forbi ei røys på garden då han gjorde det uvanlege funnet. Funnet vart skildra i Romsdals Budstikke 28. august 1897.

Faksimile frå Romsdals Budstikke 28. august 1897.

Dette står i artikkelen i Romsdals Budstikke:

“Paa Harøen skal det ved Harnes ligge 18 runde Gravrøser og ved Huse 2 Røser.

Fra Harneshaug skrives 23de ds til «Romsdals Budstikke:

Eit funn

Me hev i lange tider ganget aa set paa nokre gravhaugar, som har ganget under namn av kjempegraver. Ikkje nokon hev tenkt, at det skulle vere noko verkelegt. I lange tidor hev det voret kjaurt stein fraa haugen, so det no hev vorte ei hole i røisi. Sundagen den 15de ds gik ein av eigarane forbi. Han vart soleis var eit hol i ei av sidorne paa røisi, so tok han til aa undersøkje og vart var ein heilskalle av eit menske. Ein dag deretter gjekk han aa kasta dupp gravi, daa han tenkte aa finna nokot av verd, men fann ikkje, utan ein liten kors, som me meinar skal vere av brons, og nokot jarnskrap, som ikkje kan segjast, kva det hev vore, daa det er aldeles sortustod. Funnet er ikkje til nokot for oss; men me ser daa at soga er sann um dessa kjempehougerne, Det vore reist stenheller fraa kvar av sidorne paa liket og det hev stønt saman med øvste endorne so rommet var treangelformigt der liket laag. Og soleids var det tagt yver ein gamal norbyggjar, som tenkjelegt hev vore ein av dei, som hev havt hug aa sjaa ut på det baarute havet likedant som vore noverande øyboarar.

Harneshaug den 23 -8-97”

Dette er altså skrive berre dagar etter funnet, noko som minskar faren for feil i opplysningane. Vedkommande som skreiv dette, har truleg studert grava og sett funna sjølv.

Artikkelen viser óg at røysa der grava låg, må ha vore stor. Artikkelforfattaren skriv nemleg at det har vore kjøyrt stein frå staden “i lange tider”, og at det tydelegvis framleis var stein igjen då grava dukka opp.

Var det grava til ein mann?

“Det vore reist stenheller fraa kvar av sidorne paa liket og det hev stønt saman med øvste endorne so rommet var treangelformigt der liket laag.”, står det i innlegget i Romsdals Budstikke.

Arkeolog Ragnar Orten Lie meiner at dette må ha vore eit hellesett gravkammer i ein gravhaug eller røys.

– Funn av jarn utelukkar bronsealderen, noko brynesteinen òg tyder på. Eldre funn som er omtala som krossar i gravhaugar, er normalt det vi i dag kallar krossforma spenne, forklarer han.

Desse var vanlege i folkevandringstida (400–575) og var støypte i bronse, ein koparlegering. Ei spenne kan tyde på at det var ein mann som vart gravlagd der for rundt 1.500 år sidan.

– Kvinner hadde vanlegvis to spenner i grava, men det kan sjølvsagt også vere ei spenne som har gått tapt, understrekar han.

Grava kan stamme frå hundreåret rundt den store katastrofen i siste halvdel av 530-talet, som vi skal sjå nærare på i eit seinare kapittel.

Det kan ha vore ei spenne av denne eller liknande typer som vart funne på Haugen. “Dette er en spennetype som er typisk for folkevandringstid, dvs. fra ca. 400-550/600 e.Kr. I dette tidsrommet er slike spenner vanlig i hele den vestlige delen av Skandinavia, Nord-Tyskland, Nederland og England. Spennetypen må ha vært populær, da det er funnet over 600 korsformete spenner bare i Norge. Spennen fra Frøbergsberget er svært godt bevart. Både jernnålen og deler av spiralfestet på baksiden er intakt.” Kjelde: Ingunn Røstad, Kulturhistorisk museum

Orten legg til at funnet av ein skalle tyder på at dette var ei skjelettgrav, i ei tid då kremasjon var vanleg.

“I folkevandringstid ble hellekister mer vanlig. Slike kister hadde vært i bruk helt siden yngre steinalder, men det var i folkevandringstid de fikk sin største utbredelse.

I hellekistene ble den døde som regel lagt ned ubrent, fullt påkledd, sammen med smykker eller våpen. Andre gjenstander kunne også følge med i graven, for eksempel beholdere til mat og drikke.”, skriv Sofie Scheen Jahnsen og Jonathan Siqveland i artikkelen «Hva kan graver fortelle oss om fortidens mennesker?».

Tradisjonen med bruk av hellegraver forsvann langt på veg etter 550-talet.

På Myklebust vart det funne ei hellegrav, som kan vere ein illustrasjon på korleis slike graver ser ut. Foto: Bergen museum.

Triangelgrav

Eit anna interessant poeng i skildringa er at grava var “treangelformgit”. Dette er også grunnen til at grava er nemnd i artikkelen “Trekantede graver i Norge” av den danske arkeologen Karsten Laust Krambs.

Han heller til at grava er litt eldre enn folkevandringstida.

– Teksten ser ut til å fortelje om ei triangulær grav med rette sider. Denne typen graver vert generelt datert til perioden 500 f. Kr.-550 e. Kr i Skandinavia. Desse gravene vart utfasa i perioden 200-550 e.Kr. Samstundes vart designet på grava si form endra, påpeiker han.

Ifølgje Krambs finst triangulære graver med like sider, med sidelengder frå ein til ti meter.

– Eit estimat vil vere at ei plausibel triangulær grav på Haugen kan vere frå perioden 100-200 e.Kr., meiner han.

“Et andet topografisk kendetegn er, at de trekantede grave typisk befinder sig ved færdselsårer – enten til lands eller vands – og at de er anlagt tæt på bosættelser.”

Karsten Laust Krambs, Oprindelse og udbredelse af trekantede grave

I artikkelen Oprindelse og udbredelse af trekantede grave viser Krambs til ein studie der trekanta graver ligg som eit sentrum mellom fleire mindre gravfelt, med ein avstand på mellem 80 til 400 meter, maksimalt 500 meter.

“Det tolkes som at flere smågårde har ligget tæt på hinanden og at flere familier – måske i slægtskab – har været fælles om det trekantede monument”, skriv han vidare.

Grava på Haugen på Harnes kan godt ha vore kvilestaden til ein bonde på Harnes rundt 500-talet.

Kan ha vore eldste grava

I ein del tilfelle ser trekantgrava ut til å ha vore den eldste grava, gjerne plassert på det høgste punktet i gravfeltet. Det verkar å vere eit mønster frå denne tida med ny busetnad og trekantgraver.

Krambs meiner at trekanten kan tolkast som dødens port til gudeverda, og at dei tre spissane i trekanten representerte hovudgudane Odin, Tor og Frøy.

Det er uvanleg at det vert funne menneskerestar i desse trekantgravene. Det var vanleg å brenne dei døde, og dei fleste trekantgravene er tomme.

Krambs har ein annan teori om skallen som vart funnen i grava i 1897.

– Det er mogeleg at funna er frå ein gjenbruk av grava i vikingtida, foreslår han.

Ein ny person kan altså ha vorte gravlagd der. Kor haldbar den teorien er, er umogeleg å slå fast utan å kunne datere alderen på hovudskallen.

Det var vanleg å gravleggje folk i innmarka på garden, normalt ikkje langt frå husa. Området på Haugen ha vore gravplass for Harnes-garden allereie i romartida.

Referert til i 1871

I Fortidsminnesmerkeforeningen si årbok frå 1871, nokre tiår før funnet, stod det følgande om Harnes:

“På Harnes vestenfor husene og et stykke fra stranden 18 små, lave, runde hauger, som viser spor av undersøkelse.”

Vi veit ikkje om innleiinga til artikkelen i Romsdals Budstikke viser til årboka, eller om dei 18 gravhaugane framleis var der i 1897.

I årboka frå Fortidsminneforeninga vert det ikkje vist til nokon større gravhaugar, slik funnet over kan tyde på.

Ved ei synfaring i 1967 vart det vist til eit grustak som kan ha vore staden der grava vart funnen.

Lars L. Harnes, tidlegare gardbrukar på Harnes, meinte i 1967 at dette gravhaugfeltet truleg hadde lege på Haugen, men at det då var borte. Dei tok kontakt med ein av dei dåverande grunneigarane, Leif Harneshaug.

Han viste dei eit stort grustak som strakk seg over eigedom hans og over naboeigedomen, som då tilhøyrde Hans. L. Harneshaug.

Leif Harneshaug kjende ikkje til noko gravfelt der grustaket var. Innlegget frå 1897 i Romsdals Budstikke viser derimot til fleire, konkrete “kjempehaugar”.

Men Harneshaug kjende til gravrøysa som hadde lege i austkanten av grustaket der det i 1967 stod eit hus.

Ifølgje Harneshaug vart det i kammeret vart det funne eit kors, ein hein og ein menneskeskalle, som vart sendt til Bergen museum, ifølgje Harneshaug i 1967.

Ingen spor i Bergen

Men ved Universitetsmuseet i Bergen er det i 2017 ingen kjennskap til at desse gjenstandane vart sendt dit.

– Det ligg ingen dokumentasjon i våre arkiv, men i det topografiske arkivet ved Vitenskapsmuseet ligg eit notat av Theodor Petersen med følgjande tekst: «Aukra pgd. Harøy. Harnes (g.no. 8), Sandøy s. Harneshaug. På remmen på yttersiden av øen skal ligge flere røiser. I en av disse røiser støtte man for adskillige år siden på et hellesatt kammer, hvori et langt bryne (?) og et «broncekors», efter beskrivelsen visstnok en korsformet spenne. (Andreas Harnes. 1932)».

– Vi har også sjekka i våre gjenstandsdatabasar, kortkatalogar og fotoarkiv, men kan ikkje finne noko om dette funnet, opplyser Sonja M. Innselset ved Universitetsmuseet i Bergen.

Lars L. Harnes meinte i 1967 å hugse at det skulle ha lege eit gravfelt på reima der grustaket er teke ut. Det vart også opplyst at nedanfor, nord for grustaket, ut mot sjøen, skulle ha vore nokre steinrøyser som vart brukt til fisketørking.

Men om dette var gravrøyser, kjende ein ikkje til. Dei var tekne bort, fortalde Leif Harneshaug i 1967.

Disse røysene på Haugen må truleg vere identiske med det nemnde feltet på 18 haugar. Ingen på Harnes hadde i 1967 høyrt om eit slikt felt, bortsett frå dei opplysningane som kom fram om røyser på Haugen.

På slutten av 1800-talet vart haugen, der funnet vart gjort, altså kalla kjempegrav eller kjempehaug. Dette er namn som vart brukt på gravhaugar også andre stadar. Det er ikkje urimeleg å tru at grava på Harneshaugen var grava til ein bonde på Harnes rundt 500-talet.

Var namnet Haug?

Språkprofessor Helge Sandøy ved Universitetet i Bergen utelukkar ikkje at området der garden Haugen låg, kan ha vore Haug tidlegare.

– Ja, det er godt mogeleg. Namn var i middelalderen oftast i ubestemt form. I nyare tid har dei fleste fått bestemt form, påpeikar han.

Områder som har vore kalla Haug, har i ein del tilfelle vore gamle gravstadar. Formuleringa “å leggje i haug”, vart brukt i eldre tider om å gravleggje.

Sandøy fastslår at om Haugen har vore ein gravplass, kan berre arkeologar stadfeste det.

Funnet i 1897 ser i alle fall ut til å ha vore ein gamal gravhaug. I tillegg har vi den uklåre informasjonen om feltet med 18 mindre haugar, referert til i årboka frå 1871.

Gravhaugane kan òg ha vore bakgrunnen for at det vart reist ein trekross på Harnes i eldre tid, noko som vert omtalt i eit seinare kapittel.

Steinringen i Harnes-fjøra

I fjøra på Harnes ligg det ein gamal steinring. Det kan vere ei grav frå jarnalderen eller kanskje heilt frå bronsealderen . Altså nok eit teikn på busetnad på Harnes ved starten av vår tidsrekning.

– Eg har alltid høyrt sagt at dette er noko frå gamal tid som måtte takast vare på, fortalde dåverande eigar Ingebrigt Harnes i 1967.

Under registreringa sommaren 1967 vart steinringen påvist på ein jordlapp kalla Steinåkran, kanskje knytt til denne ringen.

Ringen ligg på flat mark mellom Ingebrigtstaua og fjøra, om lag 50 meter frå fjøra. Ringen hadde ein diameter på 6-6,5 meter. I 1967 var ringen heilt overgrodd, og berre ein enkelt stein var synleg.

Ifølgje Nils Parelius fortalde Ingebrigt Harnes at det tidlegare var funne ein kniv med beinskaft og brukke blad, 150 meter lenger nord.

Faksimile frå “Oldtidsminner i Sandøy kommune” av Nils Parelius.

Gravminne frå bronsealder/jernalder

Mellom Peileapparatet og Sevika (sjå bildet under) ligg restane av ei gamal gravrøys.

I 1967 var røysa overgrodd, men kuppelsteinen var synleg. Røysa var rund, ca. 7–8 meter i diameter, men vanskeleg å måle nøyaktig fordi ho var sterkt utkasta, heilt til botn, i ei djupne på ca. 1,25 meter. Ho er eit stort krater i terrenget, og vart vurdert som heilt rasert i 1967. I dag ligg ho som eit søkk i terrenget, med rullestein i botnen.

Restane av grava ligg der framleis. Det er sjølvsagt straffbart å grave eller fjerne noko frå staden, som er automatisk freda.

I 1967 låg ei steinhelle, 1,25 meter lang, 0,5 meter brei og ca. 18–20 cm tjukk, nede i krateret. Ho skriv seg truleg frå gravkammeret, og kan ha vore ei dekkhelle.

Lars L. Harnes opplyste i 1967 at då han var barn og ungdom hadde røysa enno vore temmeleg flat, utan det store krateret, slik han hugsa det. Utkastinga verkar å vere av eldre dato, sidan alt var overvokse på slutten av 1960-talet. Røysa var ikkje omtala tidlegare, men er også vorte registrert av Petter O. Dyrkorn 11.2.1967. Han vurderte avstanden frå den tyske peilestasjonen til ca. 100 meter og gav ei kort skildring av røysa.

Edit

Grava har flott utsikt mot Ona og havet. Foto: Nils H. Harnes

Restar etter gamal busetnad

Vi har tidlegare sett at gravene ofte låg nær husa og i innmark i jarnalderen og seinare. Det gjeld altså ikkje denne grava.

Eller kan vi vere sikre? Som vi skal sjå i neste kapittel, er det gjort funn av det som kan ha vore nyrydningar av mindre gardar i romartida og folkevandringstida. Dette skjedde truleg fordi dei sentrale gardane allereie var opptekne, noko som mellom anna gjeld for Haramsøya.

Kan det ha vore busetnad i dette området, slik at grava faktisk ikkje låg så langt vekk frå hus likevel?

Dersom det var busetnad, låg ei slik nyrydning truleg like ved Sevika, ei naturleg hamn. Dette har vore eit utgangspunkt for fiskeri heilt opp til vår tid.

Det må sjølvsagt arkeologiske utgravingar til for å undersøke om det kan ha vore tilfellet på Leghaugane, som området heiter. Det er ingen andre funn i området som tyder på dette, men det er ikkje kjent at det er gjort utgravingar i området heller.

LES NESTE KAPITTEL: GARDEN I ROMARTIDA

Exit mobile version