HISTORIA OM HARNES

Garden i romartida: – Fisket ga næringsgrunnlag

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Allereie medan Julius Cæsar styrte Romarriket, kan Harnes ha vore ein gard.

Både steinringen, triangelgrava på Haugen og grava på Leghaugane viser at det truleg budde folk på Harnes i romartida og folkevandringstida, altså i perioden frå år 0 til 550.

To av dei tre gravfunna er gjort i områder nær der vi seinare veit at det har vore gardstun.

“En gravhaug tas vanligvis som et indisium, ikke bare på at gården var bebodd på den tida den døde ble gravlagt, men også at beboerne var frie bønder og hadde eiendomsrett til gården,” skriv Bjørn Myhre i Norges landbrukshistorie 1, side 163.

Leiglendingar eller slavar hadde truleg ikkje rett til å reise gravhaugar. Gravfunnet på Haugen kan altså tyde på at den eller dei som dreiv Harnes på den tida, var sjølveigande bønder. Gardar utan gravhaugar låg truleg under andre gardar, kanskje som ein del av eit slags leiglendingssystem eller med slavar.

Illustrasjon.

Vekstperiodar

Jordbruket vaks kraftig allereie i perioden 2.900-2.500 f.Kr. her i landet.

“Da ble spredningen jevnere over hele landet, med utløpere helt nord til Vest-Finnmark, selv om Trøndelagsbygdene, øyene på Nordvestlandet og Jæren utgjorde tyngdepunktene i tillegg til Østlandsområdet.”, skriv Claus Krag i “Norges historie fram til 1319”.

I denne perioden var gardsdrift generelt truleg meir prega av husdyrhald enn dyrking av korn.

Dette er rundt 3.000 år før triangelgrava på Haugen ser ut til å stamme frå.

På Smøla er det dokumentert at skogen forsvann i yngre bronsealder (1100-500 f. Kr.) og vart erstatta av lynghei og grasmark. Dette skjedde i stor grad på grunn av menneske si bruk av landskapet, der lyng var godt eigna til beite for husdyr store delar av året.

På naboøya Fjørtofta og Gjertgarden er det dokumentert busetnad 1300, 1000, 650 og 250 år før vår tidsrekning.

«Ytterkysten fra Sunnmøre til Trøndelag hadde gode klimatiske forhold og egnet seg for et tidlig jordbruk. Vintrene var relativt milde, og det ga beitemuligheter for husdyra også store deler av vinterhalvåret. Strandflata på øyer og ytre del av fastlandet består for en stor del av marine avsetninger fra den gangen havet sto høyere, og jorda er derfor fruktbar og inneholder mange steder lite stein. Fisket ga muligheter for et allsidig næringsgrunnlag. Et stort antall gjenstandfunn og en rekke jordbruksplasser fra siste del av steinalderen og begynnelsen av bronsealderen er funnet her. Hustufter og åkerspor fra yngre bronsealder og førromersk jernalder har gitt oss god forståelse av jordbruksutviklinga», skriv Bjørn Myhre i Norges landbrukshistorie om jordbruksekspansjonen i bronsealderen frå 1000 år før vår tidsrekning.

På garden Aure i Sykkylven ser vi at det var hus allereie i yngre bronsealder, og stolpehol etter hus heilt tilbake til 1155-915 f. Kr.

Perioden frå år 200 til 500 førte til ein kraftig vekst i jordbruket, med mange arkeologiske funn. Hundrevis av gardar vart rydda og busett over store delar av landet.

Det er ikkje utenkeleg at ein eller fleire av gardane på Harøya vart etablerte i denne perioden, sjølv om det kan ha vore gardsdrift der mykje tidlegare, kanskje så tidleg som i perioden 1000–500 f. Kr.

Manga gardar var etablerte

I mange bygder var talet på gardar i jarnalderen 15-25 prosent av gardane som eksisterte på 1300-talet. Ytterlegare 20–30 prosent av gardane kom til i løpet av hundreåra fram til vikingtida.

Det er sjølvsagt umogeleg å overføre ei slik generell prosentfordeling til lokale forhold på Harøya. Likevel gir det ein indikasjon på at dei eldste gardane på øya kan ha vore på plass mellom år 0 og 500 – kanskje til og med i tusenåret før.

I ein artikkel om gardane på ytre Sunnmøre, inkludert nokre av  Nordøyane sør for Harøya, skriv arkeologen Bjørn Myhre at når sjølv skrinn jord var teken i bruk til buplassar og åkerland, tyder det på at dei beste jordbruksområda allereie var opptekne. Han viser til funn av gardsbruk som kan ha vorte nyrydda i folkevandringstida (år 400-550 e.Kr,) på til dømes Haramsøya, og slik nyrydding tyder på at dei sentrale jordene allereie var i bruk.

“På ytre Sunnmøre må vi derfor regne med at de fleste gårdene vi kjenner fra historisk tid var ryddet og bosatt i 4. og 5. århundre. Kontinuerlig dyrking har fjernet nesten alle spor etter de eldste gårdene som vi nok må anta lå omtrent der gårdstunene fantes før utskiftingene”, skriv Myhre.

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Dei eldste gardane

Vi skal seinare sjå at Harnes, Huse, Brunvoll og Røsok er gardane vi kan vere sikrast på at eksisterte før svartedauden, i tillegg til Myklebust. Kanskje er Harnes, Huse og Myklebust dei eldste gardane. Og av desse igjen kan Huse ha vore eldst, ut frå namnet som kan referere til det første huset på øya. Det er mogleg at “Har” var det opprinnelege namnet på Harnes, noko som kan dra gardshistoria endå lenger tilbake i tid.

Brunvoll og Røsok kan stamme frå nyrydding på 1300-talet, som professor Helge Sandøy foreslo i eit tidlegare kapittel.

“Bosetningsutviklingen etter begynnelsen av vår tidsregning kan avleses i gårdsnavnene. Den første fasen i den “egentlige” gårdens historie, det vil si romersk jernalder, kjennetegnes ved at mange av gårdene har enkle navn i ubestemt form, som Nes, Ås, Sander og By/Bø”, skriv Claus Krag i “Norges historie fram til 1319”.

Tett busetnad

Krag peikar på at busetnaden generelt i landet var ganske omfattande langt tilbake i tida. Samstundes var dei lokale variasjonane truleg store.

“En lokal undersøkelse av forholdene på Jæren tilsier at folketettheten der kan ha vært like stor i folkevandringstiden (400-550) som rundt 1700. (…) En annen undersøkelse, av Vestvågøy i Lofoten, tyder på en lignende situasjon der, med en stor og stabil befolkning helt fra romertiden til svartedauden”, viser han til.

I folkevandringstida var busetnadsekspansjonen på Sørvestlandet så stor at også område utan gode, naturlege forutsetnader vart tekne i bruk til gardsbruk. Det er ikkje unaturleg å tenkje at denne veksten óg var merkbar på Nordvestlandet.

Busetnadsauken fekk eit kraftig tilbakeslag etter 530–540-åra (og kanskje tidlegare), noko vi skal sjå nærare på i neste kapittel.

Naboøyene

Funn på dei andre Nordøyane vitnar óg om busetnad i området. I 1968 vart det gjort eit stort gullfunn i ein gravhaug på Haramsøya, datert til rundt år 300 e.Kr, i romartida.

Gullfunnet på Haramsøya i 1968. FOTO: © 2019 Universitetsmuseet i Bergen / CC BY-NC-ND 3.0

Grava må ha tilhøyrt ein mann i det øvste sjiktet.

Det er også gjort bronsealderfunn på Aukra, frå perioden 1.000-1.500 år f.Kr.  Gullringen som vart funnen vitnar om mektige og rike slekter på den tida.

I ei studie av forekomsten av gravhaugar på Vestlandet framhevar Bjørn Ringstad Haram som eit økonomisk og politisk sentrum.

Eit interessant poeng er at Haram, Harøy og Harnes har same førsteledd – Har – i namnet. Kan Har opprinneleg ha vore namnet på eit større område, med sentrum på Haramsøya, der det er gjort rike funn?

La grunnlaget for strukturen

Gardsstrukturen frå dei første hundreåra etter vår tidsrekning danna grunnlaget for den vidare utviklinga av busetnaden.

“Tenker vi bort gårder vi vet er yngre, kan vi i svært mange bygder uten altfor store vanskeligheter forestille oss dette gårdsmønsteret. Denne strukturen har så gitt rammer som de fleste delinger og nyrydninger siden har holdt seg innenfor, helt fram til våre dager. De gamle gårdene, med sine hussteder, er også som regel blitt holdt i hevd uavbrutt gjennom halvannet tusen år, selv om gårdsområdet selvsagt er blitt mindre gjennom oppdeling og fradeling. Slike gårdssentre har også som regel klart seg gjennom ødetider, som etter svartedauden, idet ødeleggingen fortrinnsvis rammet de yngre delingsproduktene og rydningene”, skriv Claus Krag i “Norges historie fram til 1319”.

Jordbrukshistorikaren Andreas Holmsen meinte at busetnaden på gardar og gardsdrifta er eit direkte produkt av utviklinga i romartida.

Bygg og havre var truleg dei vanlegaste kornsortane i Sør-Noreg på denne tida, og det vart også dyrka lin og hamp. Hamp vart truleg brukt til tekstilar og tauverk. Nøyaktig kva korn som vart dyrka på Harnes, og om det i det heile vart dyrka korn, veit vi ikkje. Vi veit at det vart dyrka korn på garden heilt til godt inn på 1900-talet.

Reiskapene var dei same som vi kjenner i dag: stuttorv, langjå, spader (av tre heilt inn i middelalderen), samt sigd og ard.

Så kom katastrofar som kan ha bremsa veksten i fleire hundre år

NESTE KAPITTEL: VULKANUTBROT KAN HA GITT FLEIRE ÅR UTAN SOMMAR

Exit mobile version