Leigeprisen på jord fall kraftig – over 60 prosent

 1300-talet.

Image by PublicDomainPictures from Pixabay 

Hausten 1349 kom svartedauden. Leigeprisane for jord kollapsa på Romsdalskysten fordi så mange døydde.

“Lyset frå den vesle gluggen på veggen treff det bleike andletet til Ragnhild. Jordgolvet gjer det rått og kaldt der ho knelar inne i kapellet på Hardbakken, men  ho ensar det ikkje. Ragnhild ber for familien og sitt eige liv, til ein gud ho trur kan hjelpe. Ho har høyrt om dei grusomme scenene inne i fjordane, der pesten allereie herjar.
Det er tett med folk. Presten messar mot pesten med ord ho ikkje forstår. Men Ragnhild prøver å gli inn i rytmen til orda, for å gløyme alt ei lita stund. Ser opp mot gluggen og lyset der oppe.
Plutseleg hostar den vesle guten. Ho skvett til. Tek tak i han, og pressar han tett inn til seg. Og ser at han held fløyta hennar i handa.”

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Då pesten kom

Det finst ingen sikre kjelder som viser når i 1349 svartedauden kom til ytre Romsdal. Det er likevel råd å resonnere seg eit stykke på veg.

Ifølgje islandske annalar kom smitten til Vestlandet via Bergen.

– Pesten kom truleg til Bergen i første halvdel av juli 1349, seier svartedauden-ekspert Ole-Jørgen Benedictow ved Universitetet i Oslo.

Han har skrive boka Svartedauen og senere pestepidemier i Norge: pestepidemiens historie i Norge 1348-1654”.

Smitten kan ha spreidd seg frå Bergen vidare til Romsdal med båt, slik pesten også ser ut til å ha nådd Trondheim.

I 1349 var Veøya framleis handelssenteret i Romsdal og ein sannsynleg stad for eit pestutbrot på grunn av båttrafikken frå Bergen. Tala under tyder óg på at fleire døydde i indre Romsdal, der Veøya ligg, enn ute på kysten.

På denne tida var snittfarta på ein båt rundt fire mil i døgnet, noko som innebar ein reisetid på omtrent ti dagar mellom Bergen og Veøya.

Det tidlegaste smitta kan ha kome til Romsdal, er altså i slutten av juli 1349 ut frå reisetida med båt frå Bergen. Dette er basert på Benedictow sine vurderingar av pestutbrotet i Bergen i første halvdel av juli.

Pest i september?

Kor raskt smitta utvikla seg til ein epidemi i Romsdal, kjem an på korleis ho spreidde , seg. Det kan skjedde via rottelopper eller direkte mellom menneske til lopper og lus, noko nyare forsking argumenterer for.

Ei spreiing via lopper som normalt først drap rotter og så gjekk på menneske, tek sju veker, ifølgje professor Benedictow.

Dette sannsynleggjer at epidemien kan ha herja i første halvdel av september 1349, om smitten kom i slutten av juli, eller litt seinare om det tok tid før ein båt kom med smitte.

Om pesten smitta direkte frå lopper og lus på menneske, spreidde han seg raskare.

I Romsdal kjenner vi ikkje til dødstidspunktet til nokon som døydde under den store mannedauden. For å få eit slikt haldepunkt må vi til Trondheim.

17. oktober 1349 døydde erkebiskop Erik i Nidaros av pesten, og sidan det i snitt tek åtte dagar frå ein person blir smitta til døden slår til, må han ha vorte smitta rundt 9. oktober 1349.

Illustrasjonen er laga med KI-baserte Dall-e, og er ikkje nødvendigvis historisk korrekt for tidsepoken.

Erkebiskopen var truleg ikkje mellom dei første som vart ramma, men geistlege var utsette på grunn av kontakten med dei sjuke og døde.

Tek vi utgangspunkt i smitte via lopper, ser pesten ut til å ha kome til Trondheim i først halvdel av august. Dette må ha skjedd frå ein båt som forlet Bergen 14 dagar tidlegare, ifølgje Benedictow.

Romsdal kan ha fått pesten på same tid, altså i månadsskiftet juli/august 1349

Alternativt, eller i tillegg, kan smitten ha kome frå Oslo via Gudbrandsdalen og ned Romsdalen, noko som truleg skjedde seint på hausten i 1349. Vi veit nemleg at pesten herja i Vågå i oktober same året.

Pesten spreidde seg med 1,5 kilometer per dag

Om vi held oss til den mest trulege smittevegen, frå Bergen: Frå Veøya kan pesten ha spreidd seg via folk frå øyane som var innom handelssenteret med båt. Eller frå bygd til bygd utover mot kysten.

– Langs hovedferdsårene var det ei spredningsfart på rundt 1,5 kilometer per dag, påpeiker Benedictow.

Dei tette banda mellom gardane i mellomalderen forsterka katastrofa.

– Det var ein gjensidig hjelpekultur i lokalsamfunna. Vi har konkrete døme på at folk møtte opp hjå dei sjuke. Når folk vart sjuke, så prøvde dei å hjelpe den ramma naboen med gardsdrifta. Dei hadde også ein heilt anna dødskultur enn i dag, sidan døden var så vanleg. Gjennomsnittleg levetid var 25 år og dei fleste barna døydde medan dei var små. Difor var det vanleg å møte opp hjå sjuke og døyande for å vere der når vedkommande døydde, påpeiker professoren.

På den måten følgde loppene med heim, og pesten spreidde seg vidare. Det var óg vanleg at sengeklede gjekk i arv, og kunne dermed spreie smitte.

– Normalt vil loppene gå på rottene igjen når dei kom til ein ny gard, sjølv om det også kunne skje at dei beit menneske direkte, seier svartedauden-forskaren.

Benedictow har forska på dødstala i fleire land i Europa, og resultata viser eit liknande mønster.

– Det ser ut til at busetnaden på landsbasis vart redusert med to tredeler, noko som også stemmer godt med tal vi har frå England, seier han.

Som vi skal sjå, stemmer dette også godt med nedgangen i leigeavgifta for jord i ytre Romsdal.

Byllepestepidemiar er generelt knytta til dei varme årstidene, men vert svekka av kaldare haustver og forsvinn med kaldt vinterver.

Pestane ser ut til å ha råka hardt i Sund åtting, som Harøya tilhøyrde. Den såkalla landskulda, altså det leiglendingane betalte for å leige jorda av jordeigaren, vart redusert med neste to tredelar i Sund åtting på grunn av dei mange dødsfalla.

Dødsfalla gjorde at langt færre var aktuelle som drivarar av gardane, og leigeprisane måtte ned for å skaffe nokon som var villige. Dette kjem fram i Sigvald Hasunds bok Ikring mannedauden.

Hasund presiserer at øydegardane ikkje er tekne med Reduksjonen skjedde i perioden mellom tida før svartedauden og til Aslak Bolts jordebok vart skriven i 1432/1433 – altså på under 100 år.

Benedictow påpeikar at det var fleire pestar og store endringar i samfunnsutviklinga i perioden etter svartedauden. Tala kan difor ikkje knyttast til svartedauden åleine.

Gamalt tømmer avslører kriseår

Årringar i gamalt bygningstømmer viser korleis vekstvilkåra varierte frå år til år, og avslører uår og sviktande avlingar.

Furukronologi frå Trøndelag for perioden 1350-1550, presentert i boka “Klima, uår og kriser i Norge” av Audun Dybdahl, tyder på at 1369 var eit uår i Trøndelag, på Austlandet og i England. Det gir også grunn til å tru at det same var tilfelle på Harnes. Dette var 20 år etter at svartedauden hadde herja i Romsdal.

I 1370 skreiv dronning Margrete frå Akershus festning:

“Vite skulle I det min kjære Herre, at jeg og mine tjenere lider stor nød på mat og drikke, slik at hverken jeg eller de får det vi trenger”.

Vidare ser 1380 og 1392 ut til å ha vore vanskelege år vekstmessig ut frå tømmer i Trøndelag, og med det harde år for busetnaden. Sjølv om det kan ha vore lokale variasjonar, tyder liknande tendensar i større områder på at dette også kan ha ramma Harnes.

“Så langt ser det ut til at pesten i seg sjølv gir ei fullnøyande forklaring på den dramatiske reduksjonen i folkemengda i seinmellomalderen. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at høgt ressurspress, eit generelt dårleg helsenivå og manglande sjukdomsførebyggjande innsikt, kan ha ført til at pesten fekk optimale , og vidare at kjølegare klima førte til at veksten i seinmellomalderen vart seinka.”, skriv  Geir Atle Ersland i “Norsk historie 1300-1625”.

I bruk etter svartedauden

Vi skal seinare sjå at Harnes vart skriven inn i Aslak Bolts jordebok i perioden mellom 1433-1450, og det vil seie at i alle fall halve garden var i bruk då.

– Garden Harnes har nok ikkje lege aude, meiner professor Audun Dybdahl.

Dybdahl er professor emeritus i middelalderhistorie ved Universitetet i Trondheim og ekspert på mellomalderens eigedomsforhold. Han var med på arbeidet med “Det nordiske øydegardprosjektet” på 1970-talet og har vurdert informasjonen om Harnes i mellomalderdokument

Han viser til at garden er med i Aslak Bolts jordebok (sjå eit seinare kapittel) og også i manntalet for tiendeskatten i 1520.

Mykje eigedom kom då i hendene på mange. Nesten alle tok mot arv frå slektningar, firmenningar eller nærare.

Frå islandske annalar

Huse manglar

I skattetala frå 1520 finn vi to familiar på Harnes, samt brukarar på Brunvoll og Røsok. Ser vi på Huse,nabogarden til Harnes, så er han ikkje nemnd i tiendeskatten.

Når forskarar ser på kva gardar som vart lagt aude, er skattemanntalet frå 1520 ein viktig indikasjon. Gardar som manglar her, og som det er grunn til å tru har eksistert i middelalderen, er truleg lagt aude i svartedauden eller ein av dei mange andre pestane som ramma på 1300- og 1400-talet.

Huse er mellom dei eldste namna på øya og stammar truleg frå lenge før svartedauden

Første gong Huse dukkar opp i skriftlege kjelder er i 1544, i samband med at ein som budde på Harnes selde ein del han eigde i Huse-garden (sjå eit seinare kapittel).

– Det kan nok stemme at Huse har lege aude, ettersom han ikkje er nemnd i 1520, trur Dybdahl.

Lokalhistorikar Beate Berg har i upublisert materiale spekulert i om Huse kan ha vorte feilplassert under Vågøy i skattelista frå 1520. Berg viser til personar kalla Mwse under Vågøy, som ho meinar kan vere ei feilskriving for Huse.

Professor Helge Sandøy ved Universitetet i Bergen avviser dette.

– Det er tale om nokre personar som høyrte til ei lågadeleg ætt, som kalla seg Muse. Eit par-tre hadde – trur eg – tilknyting til Buaværet. Den eine var faktisk setesvein for Olav Engelbrektsson. Men den delen av Buaværet som han og dei budde i, låg under garden Bergset, og difor er dei i lista frå 1520 oppført der. Det er altså ikkje ei feilskriving for Huse, konkluderar Sandøy.

– Fantastisk sosial utjamning

På 1200-talet var det truleg stor vekst i busetnaden, som kan ha vart fram til svartedauden.

–  Så kom pesten, og det vart ledige gardar. Folk som kanskje hadde livnæra seg med å arbeide for dei med gardar, kunne flytte inn på store, ledige gardsbruk. Og tene like mykje som dei som dei kanskje måtte jobbe for før. Det skjedde ei fantastisk sosial utjamning. Landet har aldri vore likare enn rett etter svartedauden. Det var ledige, gode gardsbruk for alle, og leiglendingsavgifta hadde gått radikalt ned. Og på Vestlandet hadde dei fiskeriet i tillegg, fastslår Benedictow.

Professor Kåre Lunden skriv i verket Norges landbrukshistorie 2 (side 95) at bondeøkonomien vart meir primitiv etter svartedauden. Bøndene levde meir i sjølvforsyning, med mindre marknadshandel, enn dei må ha gjort før svartedauden.

Svartedauden-ekspert Ole-Jørgen Benedctow. Foto: Nils H. Harnes

På 1600-talet var dei gode gardane fylt opp med mange brukarar, og vi fekk systemet med husmenn.

– Omkring 1500-talet kom det store mengder utanlandske kjøparar av tømmer, og på 1600-talet måtte foten settast ned for å hindre at all skog forsvann, påpeiker Benedictow.

Øydegardar

Frå “Fogdenes manntall” 1663-1666.

I eit dokument frå 1663-66 er Haugen (eller Houen som det står) og Morsund oppført som øydegardar. Men Benedictow påpeikar at det ikkje nødvendigvis tyder på at dei hadde vorte lagt aud

– Hougen er ei ettermiddelaldersk namnetype, og er difor ikkje lagt aude i svartedauen. Det er truleg  ein plass eller eit småbruk rydda på 1600-talet i tilknytnad til dei nye fiskeria og fiskehandelen og med et lite innslag av februk, meiner han.

Først tidleg på 1600-talet finn vi Haugen sikkert nemnt i skriftlege kjelder.

“Øydegard” var nemleg også eit skatteteknisk omgrep brukt om nyrydda gardar. Dei vart fritatt for skatt i nokre år og vart lågt skattlagde. At dei vart kalla øydegårdar er difor ikke eit prov på at dei er av middelaldersk opphav eller gamle.

– Morsund er historisk sett ei meir uklar namneform. Den kan vere ein gamal, ekte øydegard, eller frå tidleg på 1600-tallet.  Det var omtrent 30 pestepidemiar her i landet i desse hundreåra.​ Morsund kan altså også ha vorte lagt øyde i svartedauen, eller i ein av dei seinare pestepidemiane, men når han ikkje er nemnd før på 1600-talet, har nok det ein gardshistorisk god grunngjeving, meiner Benedictow.

«Overlevelseskamp og drømmer går ikke særlig godt sammen, diktning og saltfisk er motsetninger, og det er ingen som spiser drømmene sine.»

Jon Kalman Stefansson «Gutten».

LES NESTE KAPITTEL: DÅ ASLAK KAPRA HARNES