Livet som fiskarbønder

Fiskarbønder i Nordfjord, frå 1845.

Bøndene på Harnes har truleg heilt sidan høgmellomalderen (1050-1300) vore fiskarbønder og drive med sal av fisk.

Før den perioden var det vanlege å kun fiske til eige forbruk.Fiskarbonden bygde økonomien sin på fire uavhengige søyler, vert det peika på i boka «Mens bønderne seilte og jægterne for. Nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500-1730»:

Korndyrking

Februk

Heimefiske

Salgsfiske

På Romsdalskysten ga truleg eigen jordbruksproduksjon det meste av maten i normale år.

Heimefisket, altså det dei fiska til eige bruk, var spesielt viktig i dei åra kornavlinga slo feil. Då var det redninga mot svolt. Sal av fisk ga pengar til skattar, salt og andre byvarer. Og med oppsparte pengar kunne bøndene kjøpe ekstra korn når hausten slo feil.

«I ei tid da hver bonde, hver bygd måtte sørge for seg selv og marginene var små, var det en fordel med mange og uavhengige inntektskilder.», frå «Mens bønderne seilte og jægterne for. Nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500-1730»

I tillegg til dei store næringsøktene, så var det fiske til det dei trong sjølv om kveldane eller mellom onnene.

“Et avlingsutbytte på fem til sju foll var det vanlige helt fram til tidlig på 1800-tallet: Det vil si at ett kilo såkorn ga maksimalt fem til sju kilo avling. Husdyrene var også mindre enn i dag, og det var så lite fôr at kyrne som regel bare ble melket om sommeren.”, skriv Hilde Sandvik i artikkelen “Å være bonde, husmann, slusk”.

Kvinnene dreiv garden

Når mennene var ute og fiska, måtte sjølvsagt garden haldast i gang. Difor var det kvinnene som tok det daglege arbeidet med husdyra. For bøndene var det viktig å dyrke mykje korn og halde flest mogeleg husdyr.

«Husdyrene ble sluppet på beite om våren og sultefôret inne i vinterhalvåret. Selv om trange kår gjorde det nødvendig for alle å arbeide der det trengtes, var arbeidet grunnleggende kjønnsdelt, med mennene ute og til sjøs og kvinnene inne og på land. Barna ble sendt ut i tjeneste fra de var helt unge. Alt dette holdt seg stabilt i over 200 år: Det som endret seg, var eien­doms­for­hold­ene, ikke produksjonsmåten.», skriv Erling Sandmo om forhalda på gardane på 1500-,1600- og 1700-talet.

Det faktum at fiskeri og jordbruksarbeidet skjedde på ulike tider av året, gjorde at det kun var fritida som leid av satsinga på korn og husdyr.

Husmenn utan jord levde ofte av sjøen, og var dei dyktige kunne dei gjere det godt og få ein heilt anna status enn til dømes husmenn på Austlandet.

«Fiskebondeøkonomien var således vel tilpasset en økonomi med lite varebytte, lite overskudd ut over det nødvendigste i normale år og små muligheter for hjelp utenfra dersom egne inntekter sviktet. Fiskerbøndene hadde større økonomisk sikkerhet og kunne utnytte sin arbeidstid bedre enn innlandsbøndene.», frå «Mens bønderne seilte og jægterne for. Nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500-1730»

Viser antall våger med tørrfisk hos dei som dreiv fiske.Kjelde: Prestenes manntall 1664/”Mens bønderne seilte og jægterne for”, nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500-1730.”

Forfattaren viser at fiskarbøndene vegde ønsket om størst mogeleg inntekt mot ønsket om minst mogeleg arbeid.

Medan vindtørka torsk hadde vore god ei god vare for sal i seinmellomalderen, vart det ei dårleg betalt vare utover 1600- og 1700-talet. Tønnesalta sild og torsk og klippfisk tok over som dei varene som var lettast å selje.

Her ser vi kor mykje jordbruket dekte av kosthaldet.

Maten på 1600-talet

Livet var mest kvardagar også på 1600-talet, og mat har til alle tider vore eit samlingspunkt. Jarle Sanden har skrive om kva mat som vart servert rundt om i stovene.

“Kjøtt og feitevarer (smør, flesk og ost) var på denne tida den mest luksusprega maten og dermed sikkert det folk hadde mest lyst på, men som det nok var lite av. Prisen var høg i forhold til kaloriinnholdet. Kornvarer var lavere på rangstigen og fisk var lavest i status.” skriv Jarle Sanden, Romsdalsmuseet si årbok for 2006.

Sorenskrivar Melchior Falch laga i 1764 eit overalag over utgiftene ein medels bondehuslyd hadde på Sunnmøre. Etter skattar og betaling av tenarar, så gjekk heile 80 prosent av privatforbruket til mat.

Vi ser at fisk utjorde 11,5 prosent av energitilgangen.Kornet stod for 64,2 prosent, viser utrekningane professor Kåre Lunden har gjort ut frå informasjonen frå Falch.

Sidan tilhøva i jordbruket endra seg lite i perioden mellom 1400 og 1800, så kan nok dette vere representativt for store delar av perioden.

LES NESTE KAPITTEL: SKATTANE SLEIT PÅ LEIGLENDINGANE