Starta bakeri i kjellaren til Kristi og Harald – etter det store bankdramaet

Her ser vi reklame for tobakksmerket Langaards på veggen til Kristi og Harald Harnes. Fotograf ukjent.

Av Gerd og Nils H. Harnes

Med tobakksreklame på veggen lokka Olaf Stornes harøyingar til fersk bakst og kolonialforretning. På bakrommet trena bakarlaget på favorittidretten.

Men det var etter den dramatiske bankkrisa i Ålesund på 1920-talet.

Kristi Os og Harald Harnes forlova seg sommaren 1921. Kristi kom frå garden Os på Vatne, medan Harald var frå Harnesgjerdet på Harøya. Som mange andre sparte dei for framtida.

Sunnmørsposten 21.juli 1921.

Etter første verdskrigen var det økonomisk oppgang både nasjonalt og internasjonalt.

Seint på hausten 1920 snudde det.

Konsekvensane var streikar og ei bølgje av konkursar. Nær kvar femte fagorganiserte stod utan arbeid på landsbasis i 1921 og 1922.

Problema forplanta seg vidare til bankane. Kundane klarte ikkje å betale gjelda, og verdiane som skulle gi bankane tryggleik for utlåna, smuldra bort.

Brurebiletet av Kristi og Harald Harnes, saman med bankboka.

Bankdramaet

Harald og Kristi hadde plassert mykje av sparepengane sine i Aalesunds Kreditbank. Onkelen til Kristi, Karl Johan Tennø, var bankkasserar der.

Allereie i 1920 kom ein bank i byen, Aalesunds Handelsbank, i trøbbel. Handelsbanken måtte skrive ned aksjekapitalen med 50 prosent, men ingen av kundane tapte pengar.

I slutten av mars 1922, kanskje den 28.mars, fekk Kristi plutseleg ei hastemelding: – Ta pengane ut av banken med ein gong, var tipset frå onkelen Karl Johan Tennø.

Ho varsla Harald, men han hadde ikkje tru på at sparepengane kunne vere i fare.

Kristi nokre månader før ho fekk tipset frå onkelen.

Difor stod Kristi åleine på kaia på Steinshamna og venta på rutebåten, tidleg om morgonen onsdag 29. mars 1922. Ho hadde nok tatt på seg finkåpa for byturen, og ein svak, kjøleg bris streifa andletet hennar medan båten la til.

Fem timar seinare var ho framme i Ålesund.

Med bestemte steg gjekk 29 åringen frå rutebåtkaia til banklokalet i Korsegata 8 den formiddagen, med eit fast grep om handveska. Bankbygget såg mektig ut, reist i jugendstil etter bybrannen 18 år tidlegare.

Slik såg inngangen til banklokalet ut då Kristi gjekk inn der i 1922. Foto: Ukjent

Inne i det ærverdige bankbygget traff ho onkelen, som raskt og effektivt signerte uttaket av alle dei 688,88 kronene ho hadde i banken. Han visste at det stod om timar.

Harald tok ikkje ut pengane sine i tide.

«Ut alt» skreiv bankkasserar Tennø i bankboka til Kristi og signerte.

30. mars, altså dagen etter uttaket, stansa Aalesunds Kreditbank utbetalingane sine. Kundane, mellom dei Harald, tapte pengar dei hadde sett inn.

Fleire år med hardt arbeid og sparing gjekk tapt over natta.

Kunngjering i Sunnmørsposten fredag 31. mars 1922.

«Ikke bare aksjekapital og fonds var forduftet, men også en stor del av innskyternes kapital», skriv Odd Thorson i boka «Ålesund 1848-1948 : Økonomisk og kommunal historie. 2 : 1904-1948».

Banken tapte over 20 millionar kroner. Store summar var lånt ut til føretak der styremedlemmer i banken var involverte, samt til aksjespekulasjonar, kom det fram i granskingane. «Bankens direksjon har drevet korrupsjon», fastslo ei avisoverskrift.

I tillegg hadde Aalesunds Kreditbank også lånt ut millionar til omstridde Kings Bay Kullkompani på Svalbard – eit selskap der lønsemda var heilt «i det blå», ifølgje granskingsrapporten frå akkordstyret.

Møre fylkesting fastslo at 9.000 innskytarar vart ramma av samanbrotet i Aalesunds Kreditbank, dei fleste frå bygdene på Nordvestlandet.

I Sunnmørsposten vart det fortalt om folk som tapte alt dei hadde av sparepengar frå eit langt liv – enkelte hadde sett inn store summar berre dagar før kollapsen. Medan bankeliten skal ha svidd av pengar på «gilder og champagnelag».

Bankkollapsen skapte kraftige reaksjonar. Artikkel frå Møre Social-Demokrat i 1924.

Sikra i handveska

Rutebåten gjekk frå Ålesund i firetida den onsdagen. Klokka hadde passert ni på kvelden då Kristi gjekk letta inn døra på Steinshamna, med sparepengane trygt plassert i handveska.

Etter at pengetapet ramma Harald, tok det lenger tid enn planlagt for paret å byggje hus. Dei gifta seg same sommaren og sparte vidare medan dei budde på loftet hjå Lars Gangstad (1884–1945) på Steinshamna, saman med sine to første born – Ola (fødd 1923) og Reidar (fødd 1926).

Frå 1925 var det sterk framgang i fleire næringar, som var med på å gi ny giv i økonomien. Kvalfangst var ei av dei. Harald tok til å arbeide på kvalstasjonen på Steinshamna i opningsåret 1925.

Harald (i midten) i arbeid på kvalstasjonen rundt 1947. Saman med besøkande på kvalstasjonen – kanskje forskarar. Foto: Foto: Sæbjørn Sæbjørnsen/Romsdalsmuseets fotoarkiv

Fem år seinare var huset på plass. Tomta vart skilt ut frå jorda til heimgarden Harnesgjerdet. Eigedomen, som fekk namnet «Haugen», har i dag adressa Steinshamnvegen 136.

Dei flytta inn tidleg i 1930 – dottera Magnhild vart fødd der 14. mars det året. 3.000 kroner i lån frå Sandøy Sparebank måtte til, i tillegg til oppsparte pengar.

Men lånet sleit nok hardt på, og løysinga vart å leige ut på loftet. Først til Hjalmar og Signe Knudsen (med borna Gudrun og Charles), fram til dei flytta til Kravika rundt 1933.

Sjå bildeserien:

Bakaren kom inn

Deretter flytta Olaf Stornes inn, og kjellaren i huset vart innreidd. Han ville starte kolonialforretning og bakeri slik faren, Iver Stornes, hadde gjort på Haramsøya allereie i 1903.

Eit rom i den nordre og inste enden av kjellaren, på ikkje meir enn rundt 2 x 2,5 meter, vart utstyrt med bakebord og bakaromn. Rommet låg heilt inne i berget, med eit lite vindauge nesten under taket.

Frå Handelsregistre for Kongeriket Norge, 1933.

Olaf Stornes fekk handelsbrev i 1934 og same året gifta haramsøyingen seg med Inger Tomasdotter Sandøy. Inger var dotter til skreddar Tomas Sandø og med det tremenningen til Harald.

Her ser vi huset til Kristi og Harald Harnes i bakgrunnen, med tobakksreklame på veggen. På baksida av bildet står det «Give dette Billede til Harald og Kristi Harnes» og årstalet 1938. Det kan vere teke i samband med at Harald sin onkel, Hans Halvorson Harnesmyr, var heime frå Amerika i 1937.

Olaf Stornes og bakarsveinen var ivrige turnarar, og Stornes slo opp ein plank mellom bjelkane der dei hengde turnringar. Til stor moro for borna i huset, som tidt og ofte sat på berget i kjellaren og såg på.

Stornes baka også wienerbrød (truleg fredag og laurdag). Då sat det som oftast ein flokk ungar utanfor, og dei fekk skalkar. Både Stornes og bakarsveinen delte ut til dei.

Borna i huset var mellom dei som fekk mykje wienerbrød-skalkar i oppveksten. Fellesbilete øverst til venstre: Magnhild, Ola og Reidar.

Heile den fremste delen av kjellaren til Kristi og Harald var kolonialbutikk, og over kjellarglaset stod det med store bokstavar: Langaards. Det var eit kjent tobakksmerke som mellom anna stod bak ulike typer skråtobakk.

Inger og Olaf Stornes. Eigar av bildet: Cecilie Werring Werner

Reidar, yngste sonen til Kristi og Harald, fortalde at då han skulle teikne heimen på skulen, skreiv han namnet på tobakksmerket på huset på teikninga.

Trongt om plassen

No var det fullt i huset. Stornes-paret, som fekk sonen Ivar i 1935, hadde alle romma på loftet: kjøken, soverom, stove og eit lite kott der tenestejenta sov. Bakarsveinen fekk kammerset nede.

Harnes-familien hadde sjølv berre dei to stovene, kjøkenet og eit lite spiskammers til familien på fem.

Tankane på lånet sleit nok på dei, slik det gjorde på mange. Men den 19. juli 1941 var lånet nedbetalt, viser pantobligasjonen frå Sandøy sparebank.

Lånet var nedbetalt i 1941 står det på baksida – etter omfattande utleige.

Stornes-familien bygde seg eit hus lenger nede på Steinshamna, med husrom, bakeri og plass til kolonialforetning. Sjølve tomta vart kjøpt i 1939, ifølgje panteregisteret. Dottera, Turid Louise, meinar dei flytta inn i huset i 1942, året før ho vart fødd der. Frå dette bygget dreiv dei bakeri og kolonial vidare.

Her ser vi Stornes-huset, som framleis står på Steinshamna. Eigar av bildet: Eldar Huse.

Her er alle (?) kolonialbutikkane på Harøya rundt 1941:

  • Myklebost handelslag. Etablert 1913. Kolonial og mjølvarer, manufaktur, steintøy, jarnvarer og meir. Styrar: Lars Larsson Fjørtoft
  • Austre Harøy. Etablert 1913. Alminneleg landhandel med mel, kolonial, steintøy og skotøy. Bestyrar: Marie Grande.
  • Olav Skotheim. Etablert 1932. Assortert landhandel. Shell tankstasjon, bensin.
  • H. Vatne. Kolonialforretning. Etablert 1907. Innehavar: Karsten K. Vatne (frå 1937, før det Hanna Vatne).
  • Olaf Stornes. Etablert 1934. Bakeri og kolonialforretning.
  • Brunvoll Handel. Etablert 1935. Assortert landhandel, kraftfor, jarnhandel, landmannsprodukter. Innehavar: Asbjørn K. Brudevoll.
Ei annonse i Romsdals budstikke frå 1942.

Lokale krigsflyktningar

I 1943 flytta systera og svogeren til Harald, Henny og Haldor Sæterøy, inn i huset. Tyskarane hadde teke boligen deira oppe i Harnesgjerdet, så dei måtte flytte ut. Dei budde der til krigen var slutt.

Seinare leigde sydamer som sydde hjå skreddar Tomas Sandø rom i huset (Tomas var syskjenbarnet til faren til Harald). Det var Ellen Myklebust frå Myklebust og ei Nanna Skutholen, truleg frå Nordmøre. Ei tid budde der og ein gut frå Aukra, Einar Huse (i slekt med Harald via bestemora Ragnhild Harnes frå Sandøya).

I 1956 gifta Ola og Gerd seg, og dei vart buande på loftet i 4 år, til dei bygde hus i Harnesgjerdet i 1960.

Frå Gerd sitt skriv om huset til svigerforeldra.

Bora i pausa

Harald var ein trottig arbeidsmann, og han la ned mykje arbeid på eigedomen. Mellom anna sprengde han vekk berget framom huset og planta bærtre langs med kanten.

Harald var heime i middagstida frå dei ofte lange vaktene på kvalstasjonen, men så snart han hadde ete, sprang han fram på berget og bora for hand til matykta var over.

Kristi døydde i 1973, 79 år gamal, medan Harald levde til 1983 – nær 90 år gamal.

(Mor mi, Gerd Harnes (1930-2021), skreiv om eigedomen Haugen, der Kristi og Harald budde, i samband med innsamling av informasjon til arbeidet med gardssoge for Harøya. Ola og Reidar Harnes har nok vore kjelder her. Eg har redigert ned til dei delane av skrivet som kan ha litt breiare interesse og gravd fram ny informasjon. Takk til Cecilie Werring Werner og Turid Louise Duesund, barnebarn og dotter til Inger og Olaf Stornes for bilde og informasjon. Takk til Eldar Huse for utlån av bilde av Stornes-huset.

Harald og Nils H. Harnes på gamleheimen på slutten av 1970-talet

Comments

No comments yet. Why don’t you start the discussion?

Legg att eit svar