År 536-1000
I 536 vart store delar av verda truleg ramma av eit enormt vulkanutbrot. Oska kan ha skugga for sola i tre år på Harnes.
Enkelte forskarar meiner hendinga kan vere bakgrunnen for det som på norrønt heitte fimbulvetr. Forskarar har funne ny dokumentasjon i isbrear i Mellom-Europa for eit enormt vulkanutbrot i 536, truleg på Island. Andre meiner at utbrota skjedde langt vekk frå Europa, men det kjem vi tilbake til. I 18 månader mørkla oskeskyen Europa, Midt-Austen og delar av Asia.
Ifølgje teorien om Island vart dei nordiske landa truleg hardt ramma, spesielt “naboane” til Island på Nordvestlandet. Her kan sola ha vore svak lenger enn på kontinentet.
Harnes ligg rundt 125 mil frå Island.
Tøffe tider
For dei som kan ha budde på Harnes på denne tida, må klimaendringane gjort livet nærast uleveleg.
Det stadfestar ein av dei fremste ekspertane på denne perioden, den svenske professoren Bo Gräslund ved Universitetet i Uppsala. Han løfta fram teorien om at historia om Fimbulvinteren kan bygge på ei historisk hending.
– På grunn av utbrot i to supervulkanar, i 536 og 540, vart åra 536 til 550 den kaldaste 15-årsperioden på fleire tusen år. Men då snakkar vi altså om kalde somrar, vintrane var truleg ikkje spesielt kalde, forklarer Gräslund.
Det var mangel på sommar og vekstforhald som skapte krisa.
Somrar utan varme
Mangelen på somrar kjem òg fram i Snorres skildring av fimbulvinteren:
Ganglere: «Kva er å fortelja om ragnaròk?»
Høg: «Store ting er å melde om det, og mange òg.
Det fyrste er at det kjem ein vinter som er kalla Fimbulvinter.
Då driv det snø or alle ætter, det er sterk kulde og kvasse vindar, ingen ting har gagn av sola.
Det er tre slike vintrar – utan sommar imellom.»
Frå Den yngre Edda, Snorre Sturlasson
– Korleis kan dette ha påverka livet til dei som budde på Nordvestlandet den gongen?
– Dette må ha gått frykteleg hardt utover jordbruket og husdyrhaldet, til og med på vestkysten av Noreg. Ein skulle tru at sjansen til å drive fiske og fangst langs Atlanterhavskysten skulle hjelpe til på situasjonen. Likevel har i det minste den sørlege og midtre delen av Noreg vorte særs hardt ramma, konstaterer Gräslund.
Og peikar på at miljøet i havet også kan ha vorte påverka på ulike vis med lågare temperatur, dårlegare fotosyntese og endra straumar.
Som ofte elles var det dei svakaste som vart hardast ramma, også på Romsdalskysten.
– Når generell svolt råkar ei befolkning, er det sjeldan eliten som vert ramma, minner professoren om.
For å overleve ein så lang periode med dårlege somrar som ramma Harnes på denne tida, meiner Gräslund at ein ikkje bør vere trell, utan eigedom, gamal eller spedbarn.
Den svenske professoren fastslår at mange døydde.
– Ein hel generasjon barn kan ha vorte skada. Eg har rekna meg fram til at rundt halvparten av befolkninga i Noreg og Sverige døydde i desse åra. Det merkverdige er eigentleg at så mykje som halvparten av befolkninga overlevde, meiner han.
I tillegg kan den julianske pesten ha ramma landet på 540-talet, men det finst førebels ikkje dokumentasjon på at han kom til Noreg.
Svak sol
Sjølv om sola kunne skimtast bak oskesløret på slutten av 530-talet, så var ho så svak at det ikkje var noko nytte av ho.
“For the sun gave forth its light without brightness, like the moon, during the whole year,” wrote Byzantine historian Procopius. Temperatures in the summer of 536 fell 1.5°C to 2.5°C, initiating the coldest decade in the past 2300 years. Snow fell that summer in China; crops failed; people starved. The Irish chronicles record “a failure of bread from the years 536–539.”, skriv mellomalder-historikar Michael McCormick.
Her i landet har arkeologane konstatert at mange gardar vart lagde øyde – i Rogaland er nedgangen i arkeologiske funn frå denne tida på heile 87 prosent.
“Og det hendte dette året at et grusomt varsel fant sted. For solen skinte uten lysstyrke, lik som månen gjennom hele året, og fremstod stadig som om den var i formørkelse fordi strålene den kastet ikke var klare slik de pleide å være. Stadig da dette foregikk var folk ikke frie fra hverken krig eller sykdom, eller noen som helst andre ting som volder død. Dette hendte da Justinian satt i sitt tiende regjeringsår.” skreiv den østromerske forfattaren/historikaren Prokopios (ca. 500-560)
– Hypotesen om at Fimbulvinteren har rot i historiske hendingar er ikkje testa, seier arkeolog Ingar M. Gundersen ved Kulturhistorisk museum i podkasten Arkologi på rappen.
Han prøver å teste denne hypotesen i sitt arbeid.
– Det er ein påstand med utgangspunkt i det arkeologiske materialet, meiner han.
Han viser til Gräslund, som har løfta hypotesen dei siste tiåra. Gundersen meiner det er så mange faktorar som spelar inn, at det er vanskeleg å vite at hendinga var slik Gräslund skisserar. Han meiner at vulkanutbrota i perioden sannsynlegvis skjedde i Mellom-Amerika
Tida etter katastrofa
Det tok truleg lang tid før samfunnet kom seg på beina igjen etter dette, og det er heller ikkje usannsynleg at Harnes låg aude.
Ser vi på utviklinga etter svartedauden 800 år seinare, kan det ha tatt to-tre hundre år før befolkninga var på nivå med tida før katastrofa.
Då er vi over i vikingtida.
Både i hundreåra før og etter vikingtida budde det folk på Harnes.
Gravfunn og den sentrale plasseringa garden hadde, tyder på ein langvarig og samanhengande busetnad på Harnes.
Seinare skal vi sjå at det finst skriftlege kjelder som viser at garden eksisterte 400 år etter vikingtida. Tidlegare gravfunn viser også at det budde folk der for kanskje 400–500 år før vikingtida.
Ingen kjende funn
Det er ikkje registrert funn på Harnes som kan knyttast direkte til denne tida. Det er heller ikkje referert til garden eller øya i sagalitteraturen.
Det næraste vi kjem skriftlege spor etter busetnad på desse øyane i vikingtida, er vel segna om Bruse (side 527 i denne linken). Der er det referert til ei Saudey (Sandøy). Segna stammar truleg frå rundt år 1000 og vart først nedskriven 300 år seinare i Olav Trygvassons saga.
I neste kapittel ser vi på eit anna segn, om Harnes, som kan stamme frå hundreåra etter vikingtida.